Med sigrar som 10–0 på heimebane og 1–14 borte har Balestrand vunne alle kampane denne sesongen og står med ein målforskjell på 96–14. 

Ein ny divisjon ventar neste sesong.

Sårbart lag

– Me rykte opp også i 2024, med nesten berre elevar på laget. Når eitt kull reiser, kan me bli veldig sårbare. 

Laget rykte difor ned att ein divisjon og har spelt i 6. divisjon sidan. Men etter det suverene resultatet i avdelinga og nervepirrande kampar i KM-sluttspelet, mot Anga og Eid 2, er det klart at ny divisjon ventar. 

– Opprykk har vore målet vårt heile sesongen. Me ynskjer utfordringane, seier trenar Johannes Nilsson. 

Reint Sygna-lag

Laget baserer seg på elevar ved Sygna vidaregåande skule og det er difor Nilsson snakkar om kull når han skildrar spelarstallen. 

– I år har me vore eit reint Sygna-lag. 

Det vil seia at spelarane er flytta til Balestrand for å gå på Sygna, er balestrendingar som går på Sygna – eller er lærarar på Sygna. Tre i stallen møter ikkje berre elevar i klasserommet, men også på bana. 

– Alle er velkomne, men i år har det blitt slik. Det er fleire lokale som går på skule her, seier Nilsson. 

Han har vore involvert i Balestrand-fotballen sidan han flytta til Balestrand – for å bli lærar på idrettslinja på … ja- du forstår. 

– Eg har hatt ei kopling til fotballen sidan 2007. 

Rosar gjengen

Ungt lag betyr i blant forskjell både i fysikk og erfaring i høve motstandarlaget. I år har Balestrand utmerkja seg også ved å setja verdsrekord. I alle fall nesten.

– I siste kampen mot Gaular hadde me to som var 16 og to som var 17, eksemplifiserer trenaren. 

5.divisjonsspel betyr kampar i helgene. Syril og Årdal2/Jotun vil bli mellom motstandarlaga. 

– Det er ein utruleg kjekk og lærevillig gjeng, seier han om spelarane.