Meiningar

Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Då sjølvaste statsministeren Jonas Gahr Støre, sjølv inviterte seg å vitja Årdal hadde eg eit håp at nokon av forventningane til innbyggjarane skulle oppfyllast. 

Når ein sjølv ber seg om å komma til ein plass, er det folkeskikk å ha med seg noko godt i kofferten. Det hadde ikkje Støre tenkt på!

Han snakkar om vindmøller, og kalla det lågthengjande frukter. Vindmøller var me ferdig med her i Årdal. I alle fall dei som veit kor viktig det er å bevara naturen for dyra og folket. Vasskraft er satsingsområdet i Årdal. Det burde Støre forstå. 

Lærdal sjukehus, tja! Kva skal me seie? Trur ikkje det vart nemnt. Kanskje det var ein forgløyming?

Han veit kor viktig dette emnet er for oss Indre Sogningar. Det er kjernen på tryggleik for folket. Me skal vera stolte av dei halve stillingane som er oppretta på Lærdal sjukehus? Haha. Tenk på alt me har mista av personell, behandling, ikkje minst tryggleiken og helsa som kan gå tapt på vegen til Førde. 

Folk blir beordra å reise til Førde ca. 3 timar for å klippe av ein gips på armen. Dette har aldri skjedd før. Eg er sjokka!

Alltid snakkar ein om at me ikkje har pengar, men korleis blir me verdsett som menneskje? 

Beredskapen er fult så viktig å ivareta. Blir den prioritert i den tøffe tida me lev i? Det var masse gode ord på talarstolen i Oslo, då me var på demonstrasjon utanfor Stortinget. Støre såg me ikkje. 

Det er ikkje flotte ord frå Stortingsrepresentane me vil høyra. Me treng handlingar og framdrift av det som blir sagt. Sjølv om me ikkje bur i storbyar så bidreg me samfunnet og då treng me tryggleik rundt oss. 

Kva med politiberedskapen på den ytste grein? Her i Indre Sogn veit me snart ikkje korleis politiet ser ut. Det er ikkje så nøye med oss. 

Neste punkt: Drivstoff. Alle skal ha elbil. Nei, no gir eg meg. Tenk om straumen forsvinn. Hjelp!

Vil du sjå neste video?


Datasenter i Gaupne? – Eg er skeptisk1:51

Les også

– Sogn har hausta nok lågthengjande frukt, Støre!

Les også

Varslar full gjennomgang av datasenter: – Må sikra at me har kontroll 

Les også

Varslar meir fokus på vindkraft: – Må få kommunane med oss

Les også

Tor Erik og Jonas har meir enn ein ting til felles: – Eg er veldig takksam 

Les også

No får han finfint besøk av Jonas: – Altfor lenge sidan sist