Etter at initiativet frå private aktørar som ynskjer å etablera ein cruisekai i Sogndal vart kjend, har debatten i bygda tatt fyr.
Aktørane har håp om at planane deira kan gje næringslivet eit oppsving og skapa meir aktivitet i bygda. Reaksjonane har ikkje late venta på seg.
Nokre har trua på at det vil ta mykje godt med seg, medan andre truar med å flytta frå bygda.
Men korleis er eigentleg stoda der det allereie er etablert ei cruisehamn? Me snakkar ikkje om Vik, Skjolden eller Flåm – dei små bygdene langs Sognefjorden, der dei årleg tek i mot fleire hundre anløp og hundrevis av tusen turistar.
Korleis vil masseturismen som cruise tek med seg påverka ein stad som Sogndal?
På leit etter svar, har Sogn Avis teke turen til Nordfjordeid. Ein tettstad som på fleire måtar kan samanliknast med tettstaden Sogndal.
Til samanlikning
Nordfjordeid er administrasjonssenter i Stad kommune, og talte i fjor 3247 innbyggjarar. Til samanlikning skriv SNL (Store norske leksikon) at Sogndalsfjøra hadde 4475 innbyggjarar.
Begge tettstadane kan smykka seg med handlegater, kjøpesenter, ein gangveg langs fjorden som allmenta kan nytta seg av, kulturhus, vidaregåande skule og idrettsanlegg. Dei er begge viktige senter for regionen dei ligg i.

Eidsgata er ei populær handlegate på tettstaden i Nordfjord.
Foto: Ronja Årskaug Vallestad
I tillegg har både Eid og Sogndal unge miljø av friluftsinteresserte menneske som har kome til bygdene på grunn av naturen og moglegheitene i områda.
Sjølvsagt er det mykje som er ulikt også. Me hevdar på ingen måte at Sogndal og Nordfjordeid er same plassen. Alle bygder rundt om på Vestlandet har sitt unike miljø, med lokale skilnadar som særteiknar innbyggjarane, kulturen og plassen.
Me tok turen til Nordfjordeid fordi me vil sjå korleis cruisenæringa har påverka dei sidan dei første skipa kom inn, og kva tankar dei har om bygda i åra framover. Der har me møtt næringsaktørar, butikkdrivarar, lokalavis og vanlege folk. Og stilt spørsmål om korleis dei opplever det å ha cruiseturisme i bygda.
Gjennom ein miniserie vil me publisera fleire saker frå reportasjeturen, for å gje nye perspektiv inn i cruisedebatten i Sogndal.
Ser for seg 100 anløp
Eid og Sogndalsfjøra ligg begge i fjordar der det allereie er etablert fleire cruisekaier. I Nordfjord finn me både Olden, Loen og Måløy som alle tek i mot tusenvis av turistar gjennom dei flytande hotella.
Nordfjordeid tok i mot sine første cruiseanløp i 2019, då strøymde turistane i land på det som var Skjolden cruisekai sin tidlegare Seawalk.
Etter nokre pauseår under pandemien, tok tilstrøyminga av skip seg opp att. I 2026 tek den vesle nordfjordbygda i mot til saman 76 anløp på Port of Nordfjordeid.
Sogndal Utvikling ser i sitt scenario for seg at det innan 2031 vil vera 100 anløp i året, med i snitt 2000 passasjerar per anløp. Målet deira er at første anløp kjem i 2028, og dei arbeider fram mot ein realitetsvurdering innan utgangen av 2026.
Måndag kjem første artikkel, der me har snakka med fleire næringsdrivande på Eid om korleis cruiseturismen har påverka dei.
– På dei absolutt beste cruisedagane kan me selja 600–700 bollar, kunne ei av dei me møtte fortelja.
Meir kan du lesa i morgon.
Lokale aktørar vil ha cruisekai i Sogndal: – Har me råd til å seia nei?