Sjangeren «la chanson française», som Fint Fransk Orkester held seg til, legg stor vekt på teksten, stemninga og formidlinga. 30. oktober speler orkesteret i Skrivergården i Egersund. 

Det Stavanger-baserte orkesteret, som har halde saman i 12 år, bad sjølv om å få halda ein konsert i Skrivergården. 

– Me har spelt rundt i heile Rogaland, men aldri i Egersund. Me spelte inn den andre plata vår i Egersund, og me har lenge hatt lyst til å koma, seier vokalist og trombonist Dominique Brackeva.

Albumet «Tournée Générale» blei spelt inn i lydstudioet Egersound i 2022. Orkesteret er nå i gang med å spela inn sitt tredje album, som blir sleppt neste år. 

God stemning

Om forventningane til konserten seier Dominique Brackeva følgjande: 

– Me håper det kjem mykje folk, og det blir utan tvil god stemning. Det blir det alltid når me speler. 

Musikken er eigenkomponert og tekstane er på fransk. 

– Me gir publikum litt hjelp til å forstå tekstane, og me byr på litt humor òg, seier vokalisten og trombonisten i orkesteret. 

Brackeva er sjølv oppvaksen med «la chanson française». Og han fortel at Eva Bjerga Haugen, songerinna i orkesteret, har lagt sin elsk på både Frankrike og musikken. 

– Og så er det veldig fin og fengjande musikk, som fortel historier. Det er det me òg prøver å gjera, og sånn sett er det litt dumt at songane ikkje er på norsk. Men det franske språket er veldig fint, og me prøver å hjelpa folk med å forstå, sjølv om dei ikkje forstår teksten. 

Han legg til at musikken i seg sjølv er nok til å gi folk ei god konsertoppleving, sjølv om dei ikkje forstår så mykje av det som blir sunge. 

– Me har veldig gode musikarar, slår han fast. 

Intime rammer

Miriam Løining i Skrivergårdens venner har inntrykk av at band snakkar seg imellom og anbefaler scenar til kvarandre. Ho synest det var kjempegøy at Fint Fransk Orkester tok kontakt. 

– Det er bare å ta turen for å få ei fin oppleving, særleg for dei frankofile, seier ho. 

Skrivergården er under renovering, og Løining håper arrangementa i denne perioden gir publikum ein peikepinn på kva kulturarenaen skal kunna romma når alt står ferdig. 

– Me ønskjer å visa fram Skrivergården, og få fram mulegheitene og potensialet her, seier ho.

Det historiske lokalet i Strandgaten set nokon naturlege begrensingar for kva type arrangement som passar inn. Det er sett ei grense på 60 publikummarar. 

– Så me held oss litt meir nedpå og satsar på akustisk musikk – alt frå jazz og folketonar til klassisk musikk, seier Løining. 

Utseld julekonsert

22. oktober var det planlagt ein konsert med Baker Hansen i Skrivergården. Denne er utsett til våren, fordi vokalisten skada seg og måtte opererast like før konserten. 

Under den årvisse juleutstillinga blir det som vanleg kunstutstilling, kafé og ansiktsmaling for ungane. Begge helgene blir avslutta med julekonsertar. Det er nytt av året.

– Me ønskte å leggja til rette for litt koselege avslutningar, seier Miriam Løining i Skrivergårdens venner. 

Ho legg til at det er viktig for Skrivergårdens venner å spela på lag med andre aktørar i byen. Ho understrekar at tilbodet i Skrivergården er meint som eit supplement, ikkje ein konkurrent, til Julebyen. 

Den første julekonserten, «Deilig er jorden» med Børretzen & di-trio 6. desember, er allereie utseld. Konserten helga etter, med jazzmusikarane Eva Bjerga Haugen, Morten Askildsen, Simen Kiil Halvorsen og Tomas Bang, har fått namnet «Stille Grender». Nemnde Eva Bjerga Haugen er den same Eva som er med i Fint Fransk Orkester. 

Les også

Disse skal fylle Egersund Arena

Les også

Festival har klar de første artistene