– Politiet har i kveld hatt fartskontroll. To førarkortbeslag grunna fart. Høgste måling – 171 km/t i 80-sone.
Det seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen, Dan Erik Johannessen seint søndag kveld.
171 km/t er så langt over fartsgrensa at saka ikkje kan løysast med eit forenkla førelegg. Truleg må føraren møte i retten, med overhengande risiko for fengselsstraff. I 80-sona er det 136 km/t som Lovdata oppgir som grense for kva som skal føre til fengsel.