Det melder dei i ei børsmelding måndag morgon.

Selskapet viser til meldingane den siste tida om forhandlingar med eigarar og kreditorar og skriv at det mellombels stansar gruvedrifta på Engebø.

Sidan 20. oktober har partane ikkje kome nærare noko løysing. Tvert om, melder Nordic Mining. Avstanden mellom partane har auka. Forhandlingane held likevel fram.

I lys av usikkerheita for framtidig drift og einigheit om ei løysing som hindrar konkurs, har selskapet mellombels stansa drifta. Dette for å redusere kostnadar og sikre likviditeten mens ein håpar å lande ei løysing.

Selskapet melder at dei vil kome tilbake med meir straks det ligg føre eit utfall av forhandlingane med kreditorane. Inntil vidare er altså drifta stansa.

Styreleiar i Nordic Mining, Kjell Roland, viser til børsmeldinga, og vil ikkje kommentere saka ytterlegare.

Tillitsvald Frode Tefre ønsker ikkje å uttale seg og viser vidare til kommunikasjonssjef Tone Løtuft.

Firda oppdaterer saka.