Økokrim har lagt vekk saka mot Nordic Mining og Engebø Rutile and Garnet, som vart melde for ulovleg deponering av avgangsmassar i Førdefjorden. 

Det opplyser førstestatsadvokat, Tor Høviskeland, til NRK. 

Selskapa vart melde til Økokrim av Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Norske lakseelvar i slutten av juni. Organisasjonane meinte deponeringa i Førdefjorden kunne vere i strid med lovverket. 

Økokrim meiner meldinga ikkje gir rimeleg grunn til å starte etterforsking, og derfor går dei ikkje vidare med saka.