Måndag føremiddag rykte alle naudetatar ut etter melding om funn av ein død person på ei adresse på Hafslo i Luster.

– Politiet har gjort diverse undersøkingar på staden og avhøyrt personar som fann avdøde og eller har tilknyting til avdøde, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord.

Det skal ikkje ha vore vitne til sjølve hendinga. 

– Politiet undersøkjer alle hypotesar, det blir oppretta sak og det er vedteke obduksjon av avdøde. Førebels kan det verka mest sannsynleg at hendinga har skjedd i samband med eit uhell, melder Rebnord.

Avdøde er ein mann i byrjinga av 70-åra. 

– Han vart funnen i vasskanten, delvis ut i vatnet. Personen var død då nødetatane kom til staden.

Pårørande er varsla.