Etter måndagens børsmelding om vanskelege forhandlingar og driftsstans på Engebø, har Euronext Oslo Børs også reagert.
Dei har plassert Nordic Mining ASA i «Recovery Box». I praksis betyr det at børsen åtvarar investorar om at den reelle verdien på selskapets aksjar og moglegheitene for vidare drift er usikre.
Børsmeldinga skapar altså så stor usikkerheit at investorar bør vere «ekstra varsame».
Samstundes er det ein stund sidan Nordic Mining sjølv åtvara om reell konkursfare innan kort tid.
Aksjar kan framleis handlast på børsen.
Det er berre to andre selskap i Recovery Box – Hynion AS og River Tech p.l.c..

For abonnentar
Les også
Spesiell stemning på Engebø: – Dei har blitt hardhuda
Les også
Økokrim legg vekk saka mot Nordic Mining

Les også
Nordic Mining stansar gruvedrifta
Les også
Akutt pengemangel på Engebø: Ber om kriselån med 17,5 prosent rente
For abonnentar

For abonnentar
Les også
Inge har støtta gruvedrifta sidan dag éin