Denne veka markerer Sunnfjord kommune Eigenberedskapsveka med stand. 

Temaet for årets beredskapsveke er kva som skjer dersom mobilnettet og internett bryt saman – eit høgst aktuelt scenario i det styresmaktene har erklært som «Totalforsvarsåret 2026».

– Mykje av det vi tar for gitt i kvardagen vår kan brått bli endra, seier konstituert kommunedirektør Lise Mari Haugen i ei pressemelding.

Skulle teknisk trøbbel, uvêr eller andre hendingar slå ut mobil- og nettsambandet, er det kritisk at innbyggjarane veit kvar dei kan få informasjon utanfor dei digitale kanalane, påpeikar Haugen.

Måndag hadde kommunen stand på Høgskulen, og tysdag vil dei stå på skywalken på Alti-senteret mellom 13.00 og 15.00.

Beredskapskoordinator Jan Birger Moe håpar mange nyttar høvet til å slå av ein prat om eigenberedskap og få råd om kva ein skal gjere om ein misser moglegheita for elektronisk kommunikasjon ved ei krise. 

Her får du hjelp og informasjon om nettet ryk

Ved større hendingar og kriser har Sunnfjord kommune ansvar for å gi innbyggjarane oppdatert og påliteleg informasjon. 

Kommunen opprettar no fysiske informasjonspunkt der innbyggarane kan få viktig informasjon frå kommunen og andre styresmakter, dersom verken mobil, internett eller radio fungerer.

Informasjonspunktet er og ein stad kor ein kan kontakte kommunen for å be om hjelp om ein ikkje når fram på andre måtar. Det skal vere tilgjengeleg heile døgnet. 

Informasjonspunkt i Sunnfjord kommune:

  • Rådhuset i Førde
  • Sande omsorgssenter
  • Naustdal omsorgssenter
  • Skei omsorgssenter
  • Vassenden heimeteneste
  • Haukedalen (nytt under arbeid)
  • Stardalen (nytt under arbeid)
  • Viksdalen (nytt under arbeid)

– Hugs at informasjonspunkta ikkje erstattar eigenberedskap. Alle som kan, bør være forberedt på å klare seg sjølv i ei veke. Då kan kommunen og naudetatane prioritere dei som treng mest hjelp seier beredskapskoordinator Jan Birger Moe i Sunnfjord kommune.
(Kjelde: Sunnfjord kommune).

Les også

Kommunen er først ut i landet. Målet er 20.000 brukarar