Klokka 14.12 kom det meldingar om eit stillas på ei adresse i Kinn, som er i ferd med å falle ned grunna sterk vind.

Det er sendt folk til staden for å sikre stillaset, i tillegg til politi på staden som no held folk unna området.

Stillaset er opplyst å stå ved ein barneskule, og det må no vurderast om elevane kan komme seg trygt ut, eller om dei må vente inne på skulen til stillaset er sikra.

Klokka 14.58 melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt at politiet saman med skulen har funne ei side av bygget der dei kan få elevane trygt ut.

Ingen personar skal vere skadde.

Operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad opplyser klokka 16.11 at alle dei om lag 30 borna som var i skulebygget er henta, og at skulebygget såleis er tomt.

Tidlegare på dagen skal ei plate frå stillaset ha losna og ha treft eit bustadhus i nærleiken. Det skal også mogleg ha påført taket ein skade.

Det vert framleis jobba på staden gjennom ein entreprenør, med å få sikra stillaset på skulen.

Firda oppdaterer saka.