Sogndal Utvikling ynskjer å etablere cruisehamn i Sogndal, og i debatten om planane, har mange peika på Vestlandsforsking sin kompetanse på området. Kompetanse har vi, både når det gjeld klima- og miljøsida og korleis reiselivet og lokalsamfunna rundt, påverkar kvarandre. 

Som reiselivsforskar er det dette siste eg uttalar meg om, altså korleis innbyggjarane svarte då vi spurde om deira syn på å leve med cruiseanløp.

I 2025 tok vi oppdraget frå kommunane Vik, Luster og Aurland om å utføre innbyggjarundersøkingar om reiselivet. I Luster og Vik ynskte dei særleg fokus på cruise i undersøkingane, medan Aurland kommune la størst vekt på innbyggjarane sine samla erfaringar med reiselivet lokalt. 

Sidan pandemien har stadig fleire skip lagt til i dei nyare hamnene i Vik og i Skjolden. I fjor hadde Vik 50 anløp og Skjolden 45. I Flåm, som har lang historie med cruisetrafikk, kom det færre skip etter pandemien. Dei siste åra har det liggje på rundt 110, men mange av skipa som kjem, er større enn før. 

Les også

Kaiselskap cruisar inn millionar – kommunen får ingenting i 50 år

Alle som ville det, kunne svare på innbyggjarundersøkingane, så lenge dei var over 18 år og hadde bustadadresse i kommunen. Med eit slikt oppsett er det naturleg nok dei mest engasjerte som svarar. Undersøkingane er dermed ikkje representative i vitskapleg tyding, men kan likevel seie noko om kor skoen trykkjer, kva som fungerer og kva som ikkje fungerer i det lokale reiselivet. 

Med bakgrunn i undersøkingane er det nokre overordna tema eg meiner innbyggjarar, så vel som folkevalde i Sogndal, bør tenkje gjennom før dei tek stilling til spørsmålet om ei eventuell cruisekai i bygda. 

Les også

– Når dei har brukt to år på å sjå på korleis dei kan sørgje for ny aktivitet i Sogndal, er me svært overraska over at cruise er løysinga

Det fyrste handlar om eigarskap. I Aurland og Vik er hamnene kommunalt eigde, medan hamna i Luster er privat. Eigaren av hamna betalar for investeringa i kaien og hamneområdet, men får òg hamneinntekter og kontroll over utviklinga. 

Viss ein privat eigar invester store summar i hamna, blir det utfordrande for kommunen å kome i etterkant og seie at ting «ikkje vart nett slik me trudde». Hamneeigaren vil ha hand om kor mange og store skip som kjem, men ikkje ha ansvar for områda turistane beveger seg i utanom sjølve hamna. 

Kommunen bør difor òg tenkje nøye gjennom kor turistane kjem til å bevege seg og opphalde seg i bygda, og på opparbeiding og vedlikehald av fellesgode og infrastruktur. 

Vegane, fortaua, parkeringsplassane, badelaguna, fjordstien, parken, benkane, leikeplassane, søppelbøttene og toaletta er fellesgode som er dimensjonerte for Sogndal (og noko turisme i sommarmånadane). 

Les også

Cruisekai i Sogndal: – Har nokon spurt dei som faktisk skal ta imot turistane?

I Vik vil kommunen nytte hamneavgifter til å styrke denne infrastrukturen, men med ein privat hamneeigar fell det på kommunens sitt budsjett. Sjølv om situasjonen er ulik i Aurland, Vik og Skjolden, viste svara i innbyggjarundersøkingane at det rår stor frustrasjon i alle kommunane rundt tema som vegar og infrastruktur knytt til cruisetrafikken. 

I Aurland har kommunen gjort mykje med infrastrukturen gjennom åra, til dømes i Flåm, men fordi mange ulike delar av reiselivet der er i vekst, er det framleis store utfordringar. Det er også eit poeng ein bør ta med i vurderingane i Sogndal: Reiselivet er i vekst, og prognosane til Menon Economics tilseier vidare vekst. Desse «vanlege» turistane må det òg vere plass til i bygda og på vegane. 

Les også

Lokale aktørar vil ha cruisekai i Sogndal: – Har me råd til å seia nei?

Verdiskaping er naturleg nok eit tema politikarane er opptekne av. Men inntektene på land kan variere stort frå hamn til hamn.

Faktorane som betyr noko, er mellom anna talet på anløp og på passasjerar som går i land, kva tilbod som møter turistane i form av butikkar og kafear, kva utflukter turistane kan vere med på og ikkje minst, korleis desse er organiserte, som avgjer kor mykje av inntektene som blir att lokalt. 

I tillegg kjem hamneavgifter, liggjetid, kva fasilitetar skipa har sjølve og kvar turistane kjem frå. 

Å anslå framtidig inntening lokalt i Sogndal, er difor krevjande. I innbyggjarundersøkingane våre kom det fram at innbyggjarane i Aurland opplevde å få gode inntekter og mange arbeidsplassar frå reiselivet, cruise inkludert, Innbyggarane i både Vik og Luster meinte i mindre grad at cruiseaktiviteten var positiv for inntening og arbeidsplassar. 

Les også

Rita skil seg ut blant skeptiske kollegaer: – Tykkjer det er heilt fantastisk

Her er det viktig å hugse på at Aurland har hatt fleire tiår på å utvikle tilboda sine og har den særmerkte Flåmsbana som trekkplaster.

I innbyggjarundersøkingane hadde vi nokre tekstboksar der folk kunne utdjupe med eigne ord korleis dei opplevde det lokale reiselivet. Svara deira fortel oss mest om korleis folk som har cruisetrafikken tettast på, opplever situasjonen. Kontrastane er store mellom dei som ser på utviklinga som positiv og nødvendig for bygda, og dei som tykkjer utviklinga er svært krevjande.

Enkelte formidlar at dei ikkje kjenner att bygda si, at dei kjenner seg fortrengde av tilreisande, at all utvikling no handlar om reiseliv og ikkje om lokalsamfunna og at dei må tilpasse kvardagen sin etter cruiseanløpa. Dette er enkeltutsegner, men dei fortel oss at dette er ei form for reiseliv som kan ha store følgjer for folk sitt daglegliv. 

Overfor alle dei tre kommunane tilrådde vi ei oppbremsing. Det gjorde vi ut frå funna våre knytt til belastningar på infrastruktur og lokalsamfunn, særdrag i kvar kommune, som omsynet til landbruk nær Vikøyri og utrygge trafikkforhold langs fylkesveg 55 i Luster. Vi tilrådde altså ikkje vidare vekst i talet på cruiseanløp verken i Luster eller i Vik. For Aurland sin del, frårådde vi å auke den samla reiselivstrafikken. 

Ei slik oppbremsing er på ingen måte beint fram når lokale verksemder har bygd opp produkt og aktivitetar rundt cruiseaktiviteten i alle tre kommunane. Det er ikkje berre å skru tida tilbake dersom ein kommune først har sagt ja. Også det bør dei folkevalde i Sogndal kommune vere klar over.

Det er med andre ord ei stor og viktig sak kommunen har fått i hendene, og det gjeld å la vere å forhaste seg. Eit råd er å bruke tid på å snakke med både hamnesjefar og den politiske og administrative leiinga i nabokommunar med cruise. Blant dei finst det verdifull kompetanse og kunnskap om den lokale verdiskapinga, men òg innsikt i miljøbelastning og slitasje på lokalsamfunnet. 

I arbeidet med innbyggjarundersøkingane, valde vi som utførte studien å besøkje Skjolden, Vik og Flåm på dagar då cruiseskip låg til kai. Vi gjekk langs dei same vegane som passasjerane og oppsøkte stader dei ville sjå, som Hopperstad stavkyrkje i Vik. Prøv gjerne når de skal gjere dykk opp ei meining om kor vidt cruisekai i Sogndal er ein dårleg idé eller noko som kan gje Sogndalsfjøra eit nytt løft.

Les også

Lat oss ikkje pisse i brønnen!

Les også

Treng me cruise og datasenter for å få gode liv: – Skilnad på å barbera skallen og å skjæra av seg hovudet

Les også

– På dei absolutt beste cruisedagane kan me selja 600–700 bollar

Les også

Vibeke fekk ikkje fleirtal for cruise-nei: – Ville vore heilt feil å stenga døra no

Les også

Vurderer å flytta om cruiseskipa kjem: – Hundre prosent seriøs

Les også

Vil byggja cruisekai: – Me ønskjer meir enn troll og kjøleskapsmagnetar