110 Vest melder torsdag kveld om ei trafikkulykke på Brulandsvegen i Førde.

Det vart først meldt at ein lastebil og to personbilar skal vere involvert. Dette vert kort tid etter retta til ein lastebil og tre personbilar.

Det er opplyst å vere større materielle skadar på nokon av køyretøya. Ingen av dei involverte skal vere fastklemde, melder 110 Vest.

Alle involverte har komme seg ut av køyretøya, vert det opplyst.

Vegen vart tidleg stengd, men vart opna att for manuell dirigering klokka 21.00.

Til Firda klokka 19.40 opplyste trafikkoperatør Stian Kvam at det var store køar i begge retningar, grunna vegstenginga.

LANGE KØAR: Det vart raskt lange køar i begge køyreretningar.
Foto: Herman Mortensen

Firda hadde elles fått opplyst at lastebilen frakta fisk, og at det låg store mengder fisk i vegbana. Dette stadfesta Kvam.

Klokka 19.44 melder politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt at det totalt skal vere seks personar involvert.

Fire av desse har opplyst å vere uskadd, medan to er på veg til sentralsjukehuset i Førde for undersøking. Ein av dei involverte har opplyst å ha smerter i ryggen.

Også politiet peikar på at lasta var fisk, og at mykje av denne er i vegbana.

Her kan du lese meir om ulykka: 

Les også

Slik såg det ut på ulykkesstaden: Fisk strødd utover E39