Klokka 19.24 melde Alarmsentralen 110 Vest om ei trafikkulukke på E39 ved Bruland i Førde.
– Det er tre personbilar og ein lastebil involverte i ulukka. Det skal ikkje vera nokon fastklemde, og alle er ute av køyretøya, melder vaktleiar Stian Kvam først. Det vart seinare retta av politiet til ein semitrailer, ein varebil og to personbilar.
Vest politidistrikt opplyser at det var totalt seks personar i dei involverte køyretøya. Fire av dei er uskadde, medan to er på veg til sjukehuset i Førde for undersøking.
– Semitraileren var lasta med fisk. Ein god del av lasta ligg no utover ulukkesstaden. Trafikken er stengd i begge retningar. Bergingsbil er rekvirert til ein personbil. Samtlege naudetatar er på staden, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Årsaka til ulukka er ukjend. Det vert jobba med å rydda ei køyrebane, så trafikken kan dirigerast forbi.