Fredag ettermiddag publiserte heradet rådmannen sitt framlegg til neste års budsjett, og økonomiplanen for åra 2027–2030. 

I pressemeldinga står det at budsjettframlegget er basert på vedtaka som heradsstyret fatta før sommaren, så langt det har vore mogleg innanfor dei økonomiske rammene.

Budsjettet er på 2,14 milliardar kroner.

Tom sparebørse i 2029

For budsjettet i det komande året er det lagt opp eit driftsunderskot på éin prosent. Underskotet vert føreslege finansiert med bruka av 23,4 millionar kroner frå disposisjonsfondet til heradet. 

Med denne takten vil disposisjonsfondet vera tømt i løpet av 2029.

– Det betyr at me har handlingsrom til omstillingar både neste år og året etter, men det avheng av politiske vedtak. Og etter kvart som tida går, vert handlingsrommet mindre og mindre, seier rådmann Martin W. Kulild.

Det betyr i 2030, og rådmannen oppmodar folkevalde om å gjera tiltak som gjev ein betre balanse i økonomien, og sikrar føreseieleg kvalitet og bemanning i tenestene.

Investering på barnehagar

Av investeringar som ligg inne i økonomiplanen er det lagt til rette for investeringar i barnehagar på Bolstad og på Oppheim i 2028, og ny barnehage i sentrum i 2029.

Rådmannen skriv at dei framleis er i samtalar med Sundve FUS om overtaking av barnehagen der, men det er per no ingen avtale på plass, og det ligg dermed ikkje inne i planen no.

Rehabilitering av Gamlekinoen ligg også inne.

– Dette prosjektet er rekna til å kosta 90 millionar kroner, og av dette skal heradet stå for mindre enn ein tredel. Både ordførar, rådmann og heradsstyret er svært nøgd med at det har lukkast å henta inn så mykje ekstern finansiering til dette prosjektet. 

Store utfordringar og moglegheiter

Ifylgje rådmannen er budsjettet og økonomiplanen utarbeidd i ei tid der ein står overfor både store utfordringar og moglegheiter.

– Den største utfordringa for kommunen i dag og framover er å halda på, og å rekruttera kompetente medarbeidarar. Særleg gjeld dette pedagogar til barnehagane, lærarar til skulen, legar og sjukepleiarar innan helse- og omsorgstenestene. Dette er yrkesgrupper som er avgjerande for å kunna oppretthalda gode tenester til innbyggjarane våre.

Budsjettet og økonomiplanen skal opp fyrst i finansråd 12. november, før det skal innom ei rekkje råd og utval før det til slutt hamnar til endeleg handsaming av heradsstyret 17. desember. 

Her kan du lesa heile framlegget til budsjettet og økonomiplanen.

Trekkjer fram innsparingstiltak

Råmannen skriv i saka til politikarane at alternative vedtak kan vera å gjera omprioriteringar av tiltak eller løyvingar. 

Han trekkjer fram nokre døme på innsparingstiltak som han peiker på vil gjera tenester og økonomi meir berekraftig:

  • Samlokalisera langtidsplassar i institusjon frå Granvin sjukeheim og Vossestrand omsorgssenter på Voss sjukeheim (vurdert innsparingspotensial med heilårseffekt på 16 millionar kroner).
  • Avvikla drift av kommunalt kjøkken ved Granvin sjukeheim (vurdert innsparingspotensial med heilårseffekt på 2,2 millionar).
  • Avvikla barnehagetilbod i Hauge barnehage og Bolstad barnehage (vurdert innsparingspotensial med heilårseffekt på 3,2 millionar per barnehage).
  • Samlokalisera barnehageplassar på Vossestrand på Sundve.

Les også

Etterlyste glede frå talarstolen: – Alle ser så alvorlege ut

Les også

Stillinga hennar vert ikkje erstatta: – Direkte konsekvens av den økonomiske situasjonen

Les også

– Det er menneske som skal ha tenestene våre – ikkje rådmannen som esar ut

Les også

Legg prosjektet på hylla: – Snur alle steinar utan å gjera noko