Meiningar

Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

På folkemøtet 13.oktober om «Nyskapande aktivitetsaktivitetsanlegg» med det lokale namnet «Kvåle – idretts og aktivitetspark» fekk vi delta på ein kreativ og interessant arbeidsprosess. 

Sidan det er mange interesser som her skal belysast er det naturleg at ikkje alle behov får plass på eit slikt møte. Som leiar for friidretten i Sogn og Fjordane er det viktig å få fram friidretten sitt behov knytt til Kvåle stadion som ein viktig regional arena. 

Dette er og heilt i samsvar med uttalane frå SIL og friidrettsgruppa i Sogndal.

Kvåle stadion er eit friidrettsanlegg for regionsenteret Sogndal i Indre Sogn. Det er og ein viktig arena for heile Sogndal kommune, burde i alle fall vere det. Kvåle stadion bør vere ein fullverdig friidrettsstadion.

Friidrett er i vinden, vi er i ei fantastisk løpebølge. Sjølv om det vi høyrer mest om er løp utanfor bane, er det stor aktivitet både blant barn, unge og vaksne i alle friidrettsøvingar. Dette ser vi og i Sogndal.

Friidrett er både løp, hopp og kast. Det har vore sjølvsagt at alle barn og unge skal få opplæring og prøve seg på ulike idrettar og innan friidretten sine ulike øvingar. Vi har ulike fysiske utrustningar og vi veit at ulike øvingar passar for ulike kroppar og ønsker. 

Vi er fødde til å både hoppe, springe og kaste. Og ikkje minst gleda ved å gjere det. Vi som har barn veit at dette er naturleg for alle barn

I Sogndal får barn og unge lite opplæring i og prøvd seg på dei ulike kast øvingane verken på barneskulen, ungdomskulen, vidaregåande eller som studentar. Høgskulen i Sogndal har eit kraftfullt idrettsmiljø med mykje kompetanse. 

For nokre år sidan var det det nest største idrettskompetansemiljøet etter Norges Idrettshøgskule. Vidaregåande har idrettslinje. 

Kvåle stadion var ein fullverdig friidrettsstadion fram til det blei lagt kunstgras. Bakgrunnen for å legge kunstgras på Kvåle stadion var behovet for auka kapasitet til fotballaktivitet som følgje av utbygging på Fosshaugane og bortfall av eksisterande treningsareal.

Samstundes vart det lagt til grunn at friidretten sine behov skulle ivaretakast, mellom anna gjennom etablering av erstatningsareal for kastøvingane. 

Den 23. desember 2009 avslo Kulturdepartementet søknaden om omlegging til kunstgras. Etter nytt brev frå rådmannen 7. januar 2010, der kommunen stadfesta at ein ville arbeide for tilfredsstillande løysingar for kastøvingane, endra departementet vurdering. I brev av 19. februar 2010 aksepterte departementet omlegging til kunstgras under føresetnad av at friidretten sine interesser vart tekne vare på. 

I dag ville det bli sett eit rekkefølge krav. Ved bortfall av høve til å utføre kastøvingar pga kunstgras, så må areal for kastøvingar etablerast før det blir gjedd dispensasjon. Dette blei ikkje gjort i 2010 og sidan har saka versert med ulike forslag utan at det er blitt landa ei løysing. 

I brev av 9. juni 2016 peika departementet på at kommunen enno ikkje hadde teke tilstrekkelege steg for å sikre løysingar for kastøvingane. I brev av 22. september 2016 vart det stilt tydelege krav om reguleringsarbeid med sikte på å realisere kastsektor som erstatning for naturgrasdekket. 

I samband med områdeplanarbeidet for Campus Sogndal vart nye løysingar vurderte. Område vest for stadion vart peika ut som mogleg framtidig kastområde, og idrettsrådet støtta denne retninga. Saka fekk ny aktualitet gjennom arbeidet med aktivitetspark, skule og barnehage på Kvåle. 

Under dialogmøtet 12. mars 2026 understreka Norges Friidrettsforbund, Friidrettskrinsen, Sogndal Idrettslag og Idrettsrådet behovet for å sikre framtidig areal til kastanlegg og eit fullverdig friidrettstilbod. 

Friidrettskrinsen i Sogn og fjordane vil på det sterkaste oppfordre kommunen, og no gjennom arbeidet med Nyskapande aktivitetsanlegg, å sette av areal som kan nyttast til kastøvingane i friidrett. Dette vil lett kunne gjerast på grasarealet vest i området. 

Dette vil ikkje utelukke anna bruk av arealet. Ei aktivitetsflate av denne typen, utan permanente installasjonar i store delar av området, vil i tillegg kunne nyttast til ei rekkje aktivitetar, folkehelsetiltak og pedagogiske føremål for Kvåle skule, Sogndal vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet.

Les også

Sjekk kven som dukka opp og serverte pølser til ungane: – Saknar det

Les også

Ein skade øydela for Brede (27) i fjor. No vil han ha revansj

Les også

Aleksander tok med seg Garden heim til Sogn: – Ei stor oppleving

Vil du sjå neste video?


Folkemøte om cruisekai i Sogndal1:13