Politiet melder klokka 18.55 om at det brenn i eit bygg på Elkem Bremanger i Svelgen.
Naudetatane rykker ut til staden. Førebels er omfanget uavklart.
Brannvesenet er framme på staden, medan politiet er på veg.
110 Vest bekreftar at brannmannskapa er gått i innsats, og at dei har bekrefta flammar på staden.
Det er sendt inn røykdykkarar for å forsøke å starte sløkking.
Oppdatering kl 20.19:
Det skal ha vore brann i eit transportband. Denne er sløkt. Men det skal også brenne i ein silo under dette bandet, og her driv brannvesenet sløkking.