Klokka 19.55 laurdag kveld, vart det meldt om brann i eit bygg ved smelteverket til Elkem i Svelgen i Bremanger.

Naudetatane er sendt til staden.

Det vert seinare meldt at det har vore brann i eit transportband, men at denne er sløkt. Det vert vidare opplyst at det brenn i ein silo under dette transportbandet.

Brannvesenet driv no med sløkking, og det er sendt inn røykdykkarar.

Det er også sendt ut brannmannskap frå Florø for å bistå, melder 110 Vest.

Like over klokka 21 er politiet på staden. Det brenn framleis og er ein del svart røyk, vert det opplyst frå operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Det er ikkje sagt å vere behov for evakuering av naboar per no, men bebuarar i nærleiken som vert plaga av røyken vert oppmoda om å lukke vindauge og eventuelt skru av ventilasjon.

Samstundes som politiet no er på staden, melder 110 Vest at brannmannskap no har sløkt ein brann i nok eit transportband. Det brenn framleis på staden, og sløkkinga held fram med full styrke.

21.30 vert det meldt å ikkje lenger vere flammar på staden, og at temperaturen er synkande, skriv 110 Vest.

20 minuttar seinare har brannvesenet kontroll på brannen, men det vil framleis vere ettersløkking på staden.