– Markens grøde gjer at denne fantastiske staden vil nå ut til eit endå større publikum, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Markens grøde har ordinær kinopremiere 30. oktober. Filmen er Noregs Oscar-kandidat og er allereie på kortlista til European Film Awards og invitert til ei rekkje filmfestivalar verda over.

Store delar av filmen, som er basert på boka til Knut Hamsun med same namn, er spelt inn på den freda fjellgarden Ormelid i Luster.

– Det er veldig flott at ein av Noregs mest særmerkte fjellgardar no får ei hovudrolle på filmlerretet. Kulturminne får ekstra verdi når dei blir oppdaga, brukte og opplevde av fleire, seier Geiran.

Les også

Glamour og barsk natur på premierefesten: – Ikkje for slappfiskar

Riksantikvar Hanna Geiran.
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren

– Bruk er beste vernet

Ormelid vart freda av Riksantikvaren i 2011. Garden ligg 450 meter over havet og er rik på biologiske og kulturhistoriske verdiar.

Høgdegarden har dei siste åra fått fleire tilskot frå Riksantikvaren til istandsetjing av bygningane og vedlikehald av kulturlandskapet, gjennom tilskotsordninga for freda kulturminne i privat eige.

Les også

Torunn har drege inn 30 millionar. No blir det kafe i låven

– Riksantikvaren sitt mantra er at bruk er det beste vernet. Ormelid har busetjingshistorie og jordbruksdrift 4000 år tilbake i tid. Det er fantastisk at eit freda kulturminne som dette òg kan brukast til moderne kulturformidling, og kanskje ende opp i Hollywood, seier Geiran og legg til.

– Ormelid er ein unik del av den norske kulturarven, og fortel historia om korleis nordmenn levde og klarte seg i bratt og ulendt terreng gjennom generasjonar. Ei filminnspeling som dette gjer at garden får ny relevans og blir ein levande del av samfunnet. Det applauderer eg.

Regissør Hans Petter Moland sa dette om valet av Ormelid då innspelinga byrja i fjor:

– Filmteamet har lett i fleire år etter ein stad som kunne bera Sellanraa på film. Å finna ein rett stad har vore heilt avgjerande for å kunna fortelja historia.