KARMØY: Nå vil kommunen innføre nye rutinar for barn som blir henta etter stengetid i barnehagane.

Det kjem fram i eit forslag som skal behandlast i hovudutvalet for oppvekst og kultur kommande torsdag.

– Det er viktig at foreldra hentar barna innanfor opningstida. Gjer dei ikkje det, får det konsekvensar for dei tilsette. Det er ikkje kjekt for barna heller.

Det seier kommunalsjef Bjørn Andersen for oppvekst og kultur i Karmøy kommune.

Nytt gebyr

Nokre barnehagar opplever gjentatte gonger at barn ikkje blir henta før etter stengetid, sjølv om det ikkje er eit utbreidd problem, står det i sakspapira.

– Me har i snitt eitt til to tilfelle i året per barnehage der desse nye rutinane kan være aktuelle å bruke, så det er ikke et stort problem. Men me ønsker ikkje ei utvikling der dette eskalerer, seier Andersen.

Nå vil kommunen innføre mogelegheit til å ilegge desse foreldra eit gebyr på 500 kroner.

– Når tilsette må bli igjen på jobb fordi ungane ikkje har blitt henta, får det ein økonomisk konsekvens for barnehagen, grunngir Andersen

Vil vise forståing

Blir rutinen innført, skal barnehagane vise skjønn.

Oppstår situasjonen, vil styraren kontakte foreldra.

– Då vil ein presisere viktigheita av at ungane blir henta. Det vil bli vist forståing for at det kan oppstå ting som gjer at foreldra ikkje rekk å hente, seier Andersen, og utdjupar:

– Me veit jo at det kan oppstå ting som eksempelvis trafikale forhold.

Men gjentar det seg fleire gonger, kan det bli ilagt gebyr.

– Har det vore ei negativ utvikling som gjer at dette kjem nå?

– Nei. Dette er berre ei presisering av viktigheita av at dette blir gjort. Andre kommunar har innført same ordninga. Når me innfører rutinar for dette, er det mest for å ha lik praksis i barnehagane, og dessutan at dei føresette kjenner til rutinane me har, svarer kommunalsjefen.