Meiningar
Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det må eit politisk fleirtal til for at Storhallen skal bli bygd. Vi viser i den samanheng til innstillinga frå kommunedirektøren i Kinn til formannskap og kommunestyre, der han frårår å gi kommunal støtte på 18 millionar kroner til finansiering av Storhallen.
Vi festar lit til at det politiske fleirtalet ser verdien for lokalsamfunnet i endeleg å kunne realisere idrettsløftet som vi har jobba for i mange år. Takka vere stor støtte frå næringsliv, lag og organisasjonar, er vi no der at det kan skje. Om kommunen leverer som omsøkt, er vi svært nær. Det er no eller aldri!

Les også
Han tilrår nei til å gi 18 millionar til ny hall
Kommunedirektøren bidreg til å så tvil om fleire forhold som har både med finansiering og drift å gjere. La oss ta det i tur og orden:
Eigenkapitalinnskot: Storhall i Vest AS søkjer kommunen om eit eigankapitalinnskot på 18 millionar kroner, korkje meir eller mindre. Tilskotet må kome som eit eingongstilskot i 2027, ikkje som eit årleg bidrag til å dekkje lånekostnader av tilsvarande storleik over 15 år, slik kommunedirektøren tilrår dersom det skulle bli politisk fleirtal for storhall. For selskapet vil det vere forbunde med høg risiko å inngå ein avtale om økonomisk støtte frå kommunen over 15 år. Det er ein risiko selskapet ikkje kan leve med.
Fylkeskommunen sitt bidrag: Risikoen knytt til fylkeskommunen sitt bidrag på 10 millionar kroner er reell, men det er selskapet sin risiko, ikkje kommunen sin. Selskapet har søkt fylkeskommunen om å fornye støtta til Storhallen i 2027 med same beløp som sist. Om fylkeskommunen skulle avslå, vil selskapet måtte søkje andre om støtte eller inngå ein låneavtale med banken. Det vil ikkje vere aktuelt å søkje kommunen om å tre inn med kompenserande støtte.
Spelemidlar: Søknaden om spelemidlar har også risiko i seg. Behandlingstida er minst to år, og ordninga er søknadsbasert, ikkje ei rettsbasert ordning. Det betyr at det er risiko knytt til både om ein får tilskot, og storleiken på tilskotet – noko som kan endre seg fram til endeleg behandling. Dette er ein risiko selskapet er medvite om, og som må løysast ad hoc i form av alternativ finansiering dersom det skulle bli behov for det. Vi har ikkje høve til å vente på utfallet. Det vil heller ikkje her vere aktuelt å søkje kommunen om kompenserande støtte.
Driftsstøtte: Selskapet har ingen planar om å søkje kommunen om driftsstøtte. Selskapet ser på kommunen først og fremst som ein kunde som permanent eller ad hoc vil ha behov for å leige plass til aktivitet i Storhallen. Eit døme på ad hoc-leige vil vere behovet for mellombels gymsal for ungdomsskulen når Florahallen skal renoverast. Vi registrerer at kommunedirektøren anslår behovet til lite eller ingenting. Det vil i så fall bety at selskapet må erstatte bortfall av inntekter ved å selje leige/aktivitet til andre, eventuelt redusere kostnader der det er mogleg. Det ligg ikkje i planen at ein skal søkje kommunen om driftsstøtte.
Idrettssenteret: Det er med undring vi registrerer at kommunedirektøren etterlyser eit politisk arbeid for å sikre endringar av Idrettssenteret når fotballen flyttar ut. Vi er heilt sikre på at idretten er svært oppteken av det same, og at dei ikkje treng noka påminning om å ta eit rev i segla når det skjer. Vi tenkjer at idretten vil spele inn ønske og behov til fylkeskommunen som eigar straks det ligg føre eit vedtak om bygging av storhall. Fylkeskommunen vil venteleg sjå seg tent med å leige ut i helger og på kveldstid så mykje som mogleg, og at endringar vil vere lønsame. At Kinn kommune eller folkevalde skal måtte påta seg ei framtredande rolle i den samanheng, verkar overflødig.
Vedlikehald og prioriteringar: Kommunedirektøren argumenterer for at Storhallen må sjåast som ein del av den offentlege bygningsmassen, og at det er andre bygg kommunen heller bør prioritere å vedlikehalde før ein byggjer nytt. Rett nok eig Kinn kommune ein tredjedel av aksjane i Storhall i Vest AS, så ja, litt offentleg er det. Men i motsetning til andre offentlege bygg, vil ikkje Storhallen belaste kommunen sitt framtidige vedlikehaldsbudsjett.
Lat Storhallen få synleggjere kva som er mogleg å løfte lokalt. Her er det viktige læringspunkt både for folkevalde og kommunen. Privat-offentleg finansiering gjer det mogleg å løfte tungt utan å overbelaste kommunen. Florenga er eit resultat av slikt samarbeid.
Det pågår no eit arbeid inn mot oppgradering av Florø kunstgrasarena basert på slik finansiering. Det er naturleg å tenkje at Florahallen kan rehabiliterast etter same mal. Kinn kommune bør ta initiativ til etablering av ei prosjektgruppe med eit slikt mandat.