Det er NJFF Sogn og Fjordane og Flora jeger- og fiskerforening som ønskjer å samle sportsfiskarar og jegerar i Florø kulturhus torsdag 5. november. Og arrangørane freistar med ein ganske så rikhaldig meny.

Frå Sogndal kjem Joar Søhoel, og er du hjortejeger har du høgst truleg kjennskap til karen. Søhoel har gjort seg bemerka med fleire spektakulære jaktvideoproduksjonar det siste tiåret. I tillegg er han kokk, føredragshaldar, Farmen-deltakar og gründer. 

Under kvelden i Florø kulturhus skal Søhoel både lage hjortekebab til gjestane, og i tillegg vise video og halde føredrag.

Podkast på direkten

Men han blir ikkje den einaste som skal prate. Det blir også ei liveutgåve av den populære Jakt- og fiskepodden, der trekløveret Jo Inge Breisjøberget, Espen Farstad og Trond Gunnar Skillingstad drodlar om stort og smått rundt det å ha jakt, fiske og friluftsliv som hobby. Jakt- og fiskepodden er eit samarbeid mellom Statskog og Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) og har runda åtte millionar avspelingar. Det gjer podden til den største i Norge innan jakt, fiske og friluftsliv.

– Det er kjekt å kome seg ut av studio og rundt i landet og treffe folk, saman med lidenskapelege arrangørar. Dette gler vi oss til, seier podsjef Trond Gunnar Skillingstad, som til dagleg er kommunikasjonssjef i Statskog.

Han kallar pod-makker Jo Inge Breisjøberget for trioens desidert farlegaste mann, med mykje kunnskap og jaktlyst.

– Han pratar kanskje litt sakte, men er til gjengjeld utruleg rask på avtrekkaren, seier Skillingstad med glimt i auget.

Med på lasset følgjer også ei rekkje leverandørar av jakt- og fiskeutstyr, mellom anna Våpenloftet i Førde, og Linelåsen, produsent av spesialutstyr for jakthundar. 

Det er påmelding til arrangementet, og denne er sett til 4. november. Kvelden i kulturhuset er grtis for alle under 25 år. For oss andre kostar det ein hundrelapp å kome inn, og det blir også billettsal i døra av ledige plassar.

– Må tenke rekruttering

– Ein treng ikkje vere medlem av NJFF for å delta, påpeikar Terje Johansen, leiar av Flora jeger- og fiskerforening.

Han ser også kvelden i kulturhuset som ein fin arena å bedrive rekruttering til jakt og sportsfiske.

– Vi treng påfyll av unge innan både jakt og fiske. Dei kjem ikkje av seg sjølv, og difor er tiltak som dette viktig. Er du nysgjerrig på om det å gå på jakt eller å fiske er noko for deg, så er du hjarteleg velkomen, seier han.