Finansutvalet startar klokka 9.00, og formannskapet følgjer om lag klokka 10.00. Møta går føre seg på møterom Skongenes i Øklandbygget i Florø.
Dette står på sakslista:
Budsjett og økonomiplan 2027–2030: Kommunedirektøren leverer utkastet til formannskapet i dag. Formannskapet vedtar sitt framlegg 26. november, og kommunestyret gjer endeleg vedtak 15. desember.
Gebyr for 2027: Dei fleste gebyra aukar med 3,8 prosent frå 2026.
Lønsjustering for kommunedirektør.
«Storhall i Vest»: Politikarane skal ta stilling til ein søknad om 18 millionar kroner i støtte til ein planlagd fotballhall ved Likkjevatnet i Florø. Heile prosjektet kostar 146,3 millionar kroner. Kommunedirektøren tilrår å avslå søknaden, og viser til den stramme kommuneøkonomien, vedlikehaldsbehov og uvisse om finansiering og drift.
Heile møteplanen finn du her: Møte i Formannskapet