Det opplyser Politi Vest i ei pressemelding. Namnet blir frigitt i samråd med familien.

– Vi sørger djupt over tapet av vår kjære Yahye. Han var ein omtenksam og godhjarta person som alltid spreidde varme rundt seg, skriv familien i pressemeldinga.

Dei fortel at Yahye hadde utdanna seg innan fleire ulike område. Eit av dei var som maskiningeniør.

Den svenske 25-åringen var innleigd av selskapet Crane Norway, og skulle vere på Mongstad i to veker.

– Han hadde nyleg byrja på eit nytt kapittel i livet sitt og fortalde ofte med glede om den nye jobben, dei fine kollegaene og venene han fekk der. Han hadde ei lys framtid framfor seg og var eit stort forbilde for oss i familien, står det vidare i meldinga frå familien.

Yahye var på jobb som flaggmann då ulykka hendte. Det inneber at ein står på bakken og dirigerer ei kran.

Under ein løfteoperasjon av varmevekslarar gjekk det gale, og mannen fekk alvorlege klemskadar. Det blei forsøkt å gje hjarte-lungeredning på staden, men livet stod dessverre ikkje til å redde.

– Vi ber om å få sørge i fred saman med våre næraste. Vi set pris på alle som deler denne sorga med oss.