– Vi skal ikkje berre handle raskt, men også rett. Datasenter handlar om vår eigen beredskap, tryggleik og dei digitale løysingane vi er avhengige av i kvardagen vår, seier digitaliseringsminister Torgeir Micaelsen (Ap) til NTB.
Noreg har no 61 kommersielle datasenter, ifølgje Nkom, som er sett til å registrere og følgje opp desse sentera. Av desse er det eit aukande tal såkalla hyperscale datasenter, gigantiske datahallar nær knutepunkt for kraft eller kjøling. Dei er som oftast eigde av utanlandske «big tech»-selskap som har dårleg tid og mange pengar.
No krev SV, MDG, KrF, Sp og Raudt mellombels stogg i bygging av fleire senter. Frp har sagt at dei ønskjer strengare kontroll og prioritering av kven som skal få kraft. Høgre vil også ha strengare regulering av datasentera.

Les også
Hevdar datasenter kan gje nær 200 arbeidsplassar: – Høyrest mykje ut

Les også
Eit steg nærare datasenter: – Sterke krefter som ikkje likar det
Kortsiktig og langsiktig
Arbeidarpartiet svarer at «regjeringa jobbar med korleis ho skal følgje opp dette i eit kortsiktig og langsiktig spor».
Kor kort kortsiktig er, eller kor lenge langsiktig er, svarer ikkje Torgeir Micaelsen på når NTB spør.
– Eg er heilt samd i at veksten må bli meir kontrollert og at meir av verdiskapinga må komme lokalsamfunna til gode. Arbeidarpartiet har vedteke at vi mellom anna vil vurdere kriterium for etablering og strengare energikrav. Det er ikkje alle datasenter vi treng å ha i Noreg, men vi må no passe på at eventuelle kortsiktige tiltak ikkje får utilsikta konsekvensar, lyder svaret.

Les også
Varslar full gjennomgang av datasenter: – Må sikra at me har kontroll
NVE bekymra
Slike digre serverhallar, som eit kommersielt hyperscale datasenter består av, blir i stor grad brukte som mellomlager for data frå kjende selskap som Netflix, Amazon, Apple eller Facebook, altså sosiale medium og strøyming av filmar. Eller for at brukarar skal få kjappe svar når dei til dømes spør KI om korleis kjøttkakene til bestemor eigentleg skal lagast. Slikt krev datakraft, straum, kjøling og nærleik til den som spør.
For «skya» der alt blir lagra i, er jo ikkje eigentleg noka sky. Ho er ein nøye temperert, straumslukande hall stappfull av datamaskiner i Distrikts-Noreg, ikkje langt frå ein foss eller ein høgspentleidning.
Torsdag gjekk Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut med ei bekymring om at heile den norske kraftbalansen kan bli forstyrra dersom ingen set bremsen på. Sjølv ikkje den eigenbestilte analysen til regjeringa frå Menon Economics, som også uventa vart lagd ut torsdag, la skjul på at straumprisane ville stige som følgje av fleire datasenter.
Vil ha samfunnsnytte
For norske kommunar, som står utan ryggdekning i form av regulering eller rettleiarar frå regjering eller høgare styresmakter, kan presset bli vanskeleg å stå imot når den internasjonale kapitalismen bankar på døra og vil ha straumen deira.
For den yngste ordføraren i landet, Håvard Handeland (Ap), vart det overveldande då eit planlagt ammoniakkprosjekt i Sauda vart skrinlagt. Over natta vart 250 MW straum ledig i kommunen med snautt 5000 innbyggjarar, noko den internasjonale datasenterbransjen fekk med seg. Telefonen ringde dag og natt med det eine tilbodet rausare enn det andre.
Utan støtte i reglar eller noko anna, byrja ordføraren å leggje ut korrespondanse med tilbydarane i dei opne postlistene til kommunen. Han ville ikkje ha nokon hemmelege avtalar inngått bak ryggen på sine eigne innbyggjarar. For den uvanlege openheita vart han nyleg tildelt openheitsprisen til Norsk presseforbund.
– Det er ikkje rett at det er utanlandske tech-gigantar som skal leggje føringane for den lokale utviklinga inst i Ryfylkefjorden, altså, seier Handeland til NTB.
I mangel av sentrale reglar og råd, etablerte Sauda kommune sine eigne kriterium for tildeling av den attraktive tomta. Og det er ikkje berre pengar som tel. Ordføraren vil også ha samfunnsnytte for tomta.
Dyrebart arvesølv
– Dette er dyrebart arvesølv som skal forvaltast. Og hjå Statnett, i tildelingskriteria deira, så finst det ingen omsyn som sorterer. Det er førstemann til mølla-prinsippet som blir praktisert. Så vi har omsorg for den kraftproduksjonen vi har, og vil at den krafta vi har tilgjengeleg i Sauda, ho skal brukast til den best kvalifiserte aktøren. Og då køyrde vi ein prosess, fortel 22-åringen.
Openheita og krava frå kommunen har så langt ført til at 22 søkjarar i dag er halverte til 11. Onsdag hadde kommunestyret i Sauda møte der det vart orientert om framdrifta.
– Administrasjonen gjekk gjennom svaret og bodet til selskapa, og liknande. Grunna bod og nivåa der måtte møtet lukkast, fortel Handeland til NTB om kommunestyremøtet.
Ap-ordføraren opplever at hans eige parti heng etter dei andre partia på Stortinget.
– Det verkar til å vere eit ganske tydeleg fleirtal på Stortinget for ei regulering av eit slag no. Eg opplever regjeringa som litt for «departementsk» i tilnærminga, og at det skortar litt på visjonen for utbygging av norsk datakraft, seier Handeland.
Les også
Avviser rekrutteringsproblem: – Mellom 60 og 90 søkjarar til kvar stilling

Les også
Spontan applaus for «superlegitimt» spørsmål om datasenter: – Heilt seriøst
Les også
Kritiske spørsmål om datasenter: – Skulle ønskt å høyra frå dei som bur nærare
Les også
Stinn brakke på folkemøte: – Ingen spørsmål er for dumme