Ogna Scene markerer tiårsjubileet for konseptet Ogna Gje Jazz. Årets utgåve opnar med ein utseld konsert med Silje Nergaard Trio i kveld. 

Krevjande konsept

Men ikkje alle artistar drar like mykje folk som Silje Nergaard. Dagleg leiar Hans Berge Stokkeland på Ogna Scene legg ikkje skjul på at det er krevjande å få folk til å koma på jazzkonsertar, og han seier at tida nå er inne for å ta ein fot i bakken. 

Stokkeland samanfattar dei ti åra med jazz som veldig fine og innhaldsrike år, men han legg til at festivalen skal evaluerast når jubileet er over. Korleis vegen blir vidare, er han usikker på. 

– Mange opplever nok jazz som litt «farleg», seier han.

– Farleg?

– Ja, dei forventar kanskje stressa musikk og frijazz. Men sjangeren rommar så mykje fint, seier Hans Berge Stokkeland, og oppfordrar folk til å koma for å høyra. 

FØRST UT: Silje Nergaard, som entrar Ogna Scene i kveld, stiller med gitaristane Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen.
Foto: Arnfinn Johnsen

Fem konsertar

Årets festival byr på fem konsertar: 

  • Silje Nergaard Trio opnar festivalen. Konserten blei raskt utseld. Nergaard stiller med gitaristane Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen.
  • Kvartetten Beiggja kjem til Ogna torsdag. Gruppa debuterte med albumet «Morning» i 2024 og fekk svært gode kritikkar i både norsk og utanlandsk musikkpresse.
  • Fredag leverer Per Mathisen Power Trio energisk jazzrock og funk. Bassist Per Mathisen har med seg Mezzoforte-trommeslagar Gulli Briem og bror sin, gitarist Hans Mathisen.
  • Konserten «Gitaren til Arne Bendiksen», som skal vera på dagtid laurdag, heidrar 100-årsmarkeringa for komponisten og jazzmusikaren. Gitarist Svein Erik Martinsen leiar ein trio som speler på Bendiksen sin eigen arvegitar.
  • Laurdag kveld avsluttar duoen Innlandet, sett saman av Ingrid Olava og Andreas Ulvo, jubileet. Dei byr på eit lågmælt format med kjende låtar frå ulike sjangrar.

Hans Berge Stokkeland gler seg mest til fredagen og konserten med Per Mathisen Power Trio. 

– Eg gler meg vilt, seier han.