GameSir G7 Pro 8K Aimlabs Edition er ein kontrollar for deg som meiner alvor. Ved første augekast ser det kanskje berre ut som enda ein kontrollar modellert etter Xbox-kontrolleren, men det er berre delvis sant. Denne kontrollaren tek det heile eit lite stykke lengre, med ekstra knappar og eigen programvare for å la deg finslipe opplevinga etter eige ynskje. Den er tilgjengeleg for PC, skjønt den har bluetooth, og kan såleis brukast på andre plattformer.

Dette er på grensa til ein Rolls Royce-modell for PC-spelarar, med mindre du svergar hardnakka til mus og tastatur. Den er laga for dei som vil ha det vesle ekstra.

Den er lekker, har god komfort, og er fantastisk i bruk.

Eit ekstra sett med bumper-knappar gir litt meir spelerom.

Øystein Furevik/Gamer.no

Herlege knappar

Det må seiast at knappane på denne kontrollaren er noko av det beste eg har kjent. Du kjenner kanskje kjensla av at nokre knappar kanskje er litt seige of framstår mest som å trykke ein plastbit mot ei pute?

Desse er sjeldan vare, og knappane var det første eg reagerte på. Det er svært god klikk i dei og gir ei umiddelbar kjensle av kvalitet, det er litt lyd i dei, men ikkje meir enn eit lite klikk det er lett leve med når ein kjenner den umiddelbare responsen. Dei er skikkeleg gode å trykke på, og det er slikt eg kunne ha enda opp med å berre sitje og klikke på lenge berre for å gjere akkurat det. Då eg var yngre, vel og merke. For gammal for slikt no.

Kontrollaren i seg sjølv er den same forma dei fleste kontrollarar kjem i no om dagen, med diagonale stikker og ekstra programmerbare knappar på baksida.

Denne kontrollaren går derimot litt lengre. Gamesir har lagt til to ekstra programmerbare knappar på toppen, rett ved sidan av bumber-knappane, noko som gir deg enda fleire moglegheiter til å skreddarsy di spesifikke oppleving. Du kan sjølvsagt gå inn i programvaren for å finslipe ting, men du kan òg enkelt programmere knappane ved å trykke på M-knappen nedst på kontrollaren, og så den knappen du vil programmere.

På denne måen kan du til dømes legge alle XYAB-knappane til andre knappar. To på toppen, og to på baksida, og med det aldri måtte flytte tommelen frå analogstikka. Du får med det mange fleire moglegheiter for detaljstyring om tempo er viktig for deg.

Hall effect-avtrekkarane kan også justerast med ein brytar for om du vil trykke dei heilt inn, eller at dei skal fungere som mikrobrytarar med små klikk.

GameSir går bittelitt den andre vegen òg, for dei som kanskje ikkje vil ha alle desse sktra knappane, og lar deg låse knappane på undersida av kontrollaren. Då kan dei ikkje lenger trykkast inn, og er ute av funksjon.

Frå GameSir Connect kan du skru på alt du måtte ynskje.

Øystein Furevik/Gamer.no

Stikker og gyro

Etter mange år med utslitne analogstikker har etter kvart den gamle potentiometer-teknologien som blir brukt i så og seie alt av offisielle konsollkontrollerar byrja å bli skifta ut med ny og betre teknologi. Mange nyttar no hall effect-stikker, men Gamesir går litt lengre, og brukar TMR-stikker. Desse er som med hall effect-stikker kontaktlause og magnetiske, men byr potensielt på hakket høgre sensitivitet.

Det er ingenting å seie på det. Presisjonen med denne kontrollaren er absolutt i toppskitet, og speleopplevinga med denne kontrollaren kontra billegare alternativ er merkbar. Den har også gyro for dei som likar det.

Den har polling rate på opp mot 8000 Hz, noko som betyr at den sender signal til PCen opp mot 8000 gongar i sekundet, noko som er i toppskiktet.

Skulle du ynskje å endre på dette, eller andre ting kan det gjerast i Gameir Connect-programvaren kontrollaren kan finslipast med.

I programvaren kan du til dømes skru på korleis stikkene skal oppføre seg, ned til kurve, dødsone og oppløysing, samt programmere alt av knappar og avtrekkarar til å reagere slik du vil dei skal reagere, byte om på kva knappar som gjer kva, bestemme om kontrollaren skal slå seg på når du løftar den frå basen, eller om du vil endre fargen på lysa rundt logoen i midten av kontrollaren.

Det er eit svært nyttig verkty som dei med spesifikke preferansar vil kunne få mykje utbytte av. Eg vil likevel tru folk flest vil klare seg med kontrollaren slik den er ut av boksen, og den byr på alt dei fleste treng utan finare justering.

Kontrollar med ekstrautstyr.

Øystein Furevik/Gamer.no

Rikeleg med innhald

I boksen får vi det vi forventar. Ein kontrollar, eit sett med seks utskiftbare stikkeknottar der eit par er konvekse, og to er konkave med ulik lengde, samt to erstaningar for D-paden.

Dette er kanskje kontrollarens lavaste kvalitetspunkt. Sjølv om stikker og knappar er gode, er dei utskiftbare delane av plast som ikkje gir meg heilt den same kjensla av at dette vile vare evig, som ein kan få med dei magnetiserte ekstradelane til for eksempel ein Xbox Elite-kontroller. Litt metall hadde fjort susen, og løfta kvalitetsinntrykket eit ekstra hakk.

Den mest positive overraskinga boksen byr på er derimot ladestasjonen. Denne kontrollaren kjem med eigen stasjon der du kan setje kontrollaren etter bruk for å vere ferdiglada til neste gong, og det er smidige greier.

Ved å løfte opp kontrollaren slår den seg på, og du treng ikkje gjere noko ekstra for å aktivere den. Om du vil kan du likevel kople kontrollaren direkte til PCen med kabel, men eg merka ikkje noko responsforskjell verken den eine eller den andre vegen. Å ha denne ladestasjonen tilgjengeleg gjer lading til ei ikkje-sak, og sørger for at du alltid har batteriet du treng. Om du skulle velje å la den ligge utanfor stasjonen kan du rekne med ei batteritid rundt av åtte timar, men den kan forlengast om du skrur ned polling raten frå 8000 Hz til noko lågare i programvaren.

USB-dongelen som tek imot signal frå kontrollaren blir kopla direkte til denne stasjonen, men kan pluggast direkte i PC-en din om du ikkje vil bruke stasjonen. Frie val der altså.

Kontrollaren er litt tyngre enn fleire andre kontrollarar i liknande form, men for meg er det eit pluss. Den sit godt i henda, har gummigrep på baksida for ekstra komfort.

Framsida er vidare beståande av tre deksel, ei som rommar knappar og stikker, samt eit for kvart grep. Desse kan alle takast av, og bytast ut med andre deksel, eller berre fjerne for å få eit gjennomsiktig design der ein gjennom blå plast kan studere kontrollarens innmat.

Du kan ta av deksla, og byyte dei ut med andre.

Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

GameSir G7 Pro 8K Aimlabs Edition har raskt blitt min favoritt blant fleire kontrollarar i heimen. For det første ligg den godt i hendene, med god passform og behagelege gummigrep, men det er ikkje det som er hovudattraksjonen.

Det er stikkene og knappane som verkeleg dreg meg mot denne. Knappane klikkar lett og behageleg, og ein kvar som har irritert seg over litt harde, stive, eller bråkete knappar bør umiddelbart få eit smil om munnen ved å ta denne kontrollaren i bruk.

Kontrollaren er allsidig, kan tilpassast både manuelt og via programvare, og er uhyre praktisk, med ein eigen ladestasjon du kan plassere slik at kontrollaren og ladekabel er ute av vegen når den ikkje er i bruk.

Dette er eit tryg og godt kjøp som bør innfri alle forventningar du har til ein kontrollar.

GameSir G7 Pro 8K PC Aimlabs Edition er tilgjengeleg no.