– Det er noko med å synge på dialekta si, og representere plassen ein kjem frå, seier Oda Eirin Almeland, som går under artistnamnet Taus.
Ho er frå Voss og syng på vossamål.
– Eg starta å skrive på engelsk, men merka at det kjentest meir ekte ut på norsk, seier Almeland.
Nærare publikum på norsk
Almeland har ikkje vurdert å gå tilbake til engelsk.
– Musikk på norsk treff publikum betre enn engelsk, fordi ein lettare kan kjenne seg att i språket ein snakkar sjølv.
Når alle artistane har sine eigne dialekter får ein høyre musikk og historier frå heile landet, noko Almeland synest er fint.
←
Bendik er ein av fleire artistar som syng på norsk.
Foto: Mattis Folkestad
Tobias Sten lagar country med norske tekstar.
Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK P3
Randi Oline lagar musikken sin i norsk språkdrakt.
Foto: Tom Øverlie / NRK P3
dePresno har fleire norske låtar.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK/Monster
Synne Sørgjerd syng på norsk, og har samarbeidd med den svenske artisten Ida-Lova.
Foto: Tom Ivar Øverlie / NRK
Jonas Alaska har låtar både på norsk og engelsk.
Foto: Kim Erlandsen / NRK P3
→
Gunn Kvaale frå Sogndal skriv også tekstane sine på norsk, etter nokre år med engelsk.
– Eg kjem mykje nærare publikum med norske tekstar, og artistidentiteten vert sterkare. Med dialekta mi vart det lettare å finne Gunn Kvaale-prosjektet.
Norske tekstar på topplista
Ti av dei 20 øvste låtane på Topp 50 i Noreg har norsk språkdrakt. For ti år sidan var berre ti prosent av låtane på topplista norskspråklege,
– Slik burde det vere i Noreg, at i alle fall halvparten av topplista er på norsk. Det er kjempekult at musikk med norske tekstar kan halde like høgt nivå som engelsk, seier Gunn Kvaale.
Vokalist og låtskrivar i bandet Oddny, Iver Strand Senneset, meiner topplista viser at Noreg har mange flinke musikarar.
– Og at folk har god smak når det gjeld musikk.
Plateselskapet Playground Music Noreg merkar etterspurnaden etter låtar med tekstar på norsk, både frå strøymetenestene og for å få musikk spelt på radio.
Marit Johansen er PR-ansvarleg i selskapet, og fortel at det er attraktivt for artistane å skrive på norsk.
– Vi er opptekne av at artistane skal gi ut musikk på språket dei føler dei best kan formidle.
Frå mest engelsk til mest norsk
I NRK er A- og B- listene fulle med musikk i norsk språkdrakt.
– Artistane har forstått at det å skrive på morsmålet kan gjere bodskapen tettare og at lyttarane set meir pris på norsk på norsk, seier musikksjef i NRK P1, Atle Bredal.
For ti år sidan byrja morsmålssongar å slå godt an i Noreg.
– Det er berre dei tre-fire siste åra vi har hatt overvekt av norske artistar, fortel Bredal.
Oda Eirin Almeland skriv tekstane sine på norsk, under artistnamnet Taus.
Foto: Maren Sønsthagen
Skandinavisk samarbeid
Med norske tekstar er det meir utfordrande å slå igjennom internasjonalt, men det opnar for å nå publikum i nabolanda våre.
– Eg vil etablere meg som artist i Noreg, og ser moglegheiter innan Skandinavia, fortel Gunn Kvaale.
I Playground Music merkar dei auken i samarbeid på tvers av landegrenser.
– Det er ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, der ein nyttar seg av posisjonen til artisten ein samarbeider med, gjennom dekning i media, faste lyttarar, strøymetenester og sosiale medium, fortel Johansen i Playground Music.
Bandet Oddny har allereie spelt i Sverige, der dei delte konsertkvelden med nokre svenske band.
Bandet Oddny spelte for svensk publikum i Stockholm.
Foto: Jens Gustafsson
– Vi fekk sett at det går an å dele publikum, noko vi absolutt kan gjere meir av, fortel Iver Strand Senneset i Oddny.
Oda Eirin Almeland har eit mål om å spele i Sverige eller Danmark, og er ikkje framand for skandinavisk samarbeid.
– Det er noko spesielt med at det er tre ulike land som forstår kvarandre sine språk. Eg trur danskane må verte vande til å høyre meir norskspråkleg musikk, seier Almeland.
Publisert
20.09.2025, kl. 15.11