Oppdatering klokka 11.30:
Flya som skulle gå til Oslo og Ørsta/Volda klokka 09.25 vart kansellerte. Flyet til Oslo via Sandane skulle gå klokka 09.30, men gjekk klokka 11.15.
Du kan følgja flytrafikken på Avinor sine nettsider. (ekstern lenkje)
Skodde skapte utfordringar
– Vêr og tåke gjer at ein ikkje får landa i Sogndal.
Pressevakt hjå Widerøe, Catharina Solli, informerer om eit kjend problem hjå Sogndal lufthamn Haukåsen denne veka.
Morgonflya som skulle til Bergen og Oslo like før klokka 7 fredag morgon har ikkje fått mellomlanda i Sogndal, og har difor gått direkte frå høvesvis Hovden og Sandane.
Også torsdag blei alle avgangar og ankomstar kansellerte grunna tjukk skodde.
Sogn Avis har fått tips om reisande som har fått beskjed om at Oslo-flyet 09.25 også kan bli innstilt, sjølv om det ikkje var opplyst på Avinor sine nettsider rundt klokka 7.
– Det er ikkje vanleg at me sender ut meldingar om at fly kanskje vert kansellerte, men her er sannsynet så pass stort, og difor informerer me, forklarer Solli, og legg til at det vil bli sett opp bakketransport dersom vêret ikkje betrar seg innan då.