– Det er mange som jobbar med å gjera Sogndal til ein bra kulturkommune. For oss er det viktig å gje dei litt merksemd.

Det er den tida av året igjen: kultursjef Håvard Ese Eliassen vil gjerne ha innspel til kandidatar til Sogndal kommune sin kulturpris.

– Me har fått inn fleire forslag, men vil gjerne ha fleire å velja i, så her er det berre å nominera i veg.

Fristen for å koma med innspel, via e-post, er 15. november.

Les også

Fekk kulturprisen: – Ein veldig motivasjon for å jobba vidare


– Viktigå hugsa på

Dei tidlegare vinnarane har kome frå eit vidt spekter av kulturaktivitetar og Eliassen ønskjer det meste av innspel velkomen.

– Det kan vera ein arrangør som finn på morosame ting, ein kordirigent, ein kunstnar eller nokon som jobbar med sitt i det stille. Det er viktig å hugsa på og nominera sin kulturfavoritt.

Som tidlegare år består prisen av 20 000 kroner og eit kunstverk av Estelle Bourdet. For ikkje å gløyma den heider og ære som følgjer med ei slik gjæv tildeling

Utval for levekår fungerer som jury og overrekkinga blir, også det som tidlegare år, på desembermøtet til kommunestyret.

Tidlegare vinnarar:

Louise Tveito (2025)

Marianne Hoff (2024) 

Roar Werner Vangsnes (2023) 

Terje Vatlestad (2022)

Vreid (2021) 

Geir Hjetland (2020)