Nyhendet blei publisert på Helse Fonna sine eigne nettsider fredag 6. november.
Forslaget om å innføra felles avdelingsleiing for føde- og gynekologtilbodet på Stord og i Haugesund fekk mange til å steila, blant anna desse tre kvinnheringane. Det blei skrive mange lesarinnlegg, og måndag 26. oktober arrangerte LO Sunnhordland og Fagforbundet Stord/Fitjar folkeaksjon på Leirvik.
No har Helse Fonna snudd:
– Forslaget til endring har diverre skapt bekymringar i regionen både om at fødetilbodet og i forlenginga heile sjukehuset skal svekkast. Omfanget av desse bekymringane må eg ta på alvor, seier administrerande direktør, Anders Hovland, på Helse Fonna sine eigne nettsider.
Likevel meiner han at sjølv om endringsprosessen no blir stoppa, så er det avgjerande at fagmiljø, tillitsvalte, verneombod og leiarar finn gode løysingar for framtida. Utfordringa ligg i å oppretthalda mengdetrening ved dei små fødeavdelingane for å ivareta kompetansebehovet framover, forklarer Hovland vidare:
– Løysinga her må ligga i eit styrka og strukturert samarbeid mellom dei to fødeavdelingane i regionen vår.
Vidare står det i pressemeldinga til Helse Fonna at helsetenestene vil krevje ei rekke endringar framover, både i store og små sjukehus, men det er hos dei små sjukehusa utfordringane vil vera mest akutte med tanke på rekruttering og aktivitet.
– Det er derfor viktig at vi kan snakke om endring og utvikling, utan av dette straks skapar frykt for nedlegging. Engasjementet som har blitt vist for sjukehuset og det lokale tilbodet er ei sterk kraft. Vi må bruka denne krafta til å vidareutvikla tenestene våre saman, slik at innbyggarane også i framtida har tilgang til trygge helsetenester av høg kvalitet nær der dei bur, seier Hovland.
Han peikar på at for innbyggarane vil tilgangen på gode og trygge nærtenester innan helse framover vera avhengige av nettopp evne til endring:
– Framtidas helsetenester krev endring; det krev utvikling og ikkje minst krev det samarbeid, både mellom sjukehusa i regionen vår og ikkje minst mellom sjukehus og kommune. Skal vi lukkast med det, må vi lukkast saman.