Laurdag føremiddag rykker politiet ut etter melding om branntilløp i ein silo i Bremanger kommune.
Dette skal ha skjedd på Elkem i Svelgen.
Operasjonsleiar, Ole Ronny Olsen, melder at det førebels er ein uavklart situasjon.
Klokka 10.38 melder Olsen at brannvesenet er på staden, og at det ikkje er snakk om noko brann. Det skal vere varmgang i ein silo som inneheld treflis.
Det blir målt låge temperaturar. Politiet avbryt oppdraget.
Klokka 14.12 kjem det ei ny oppdatering, der Olsen kan melde om ei ny utrykking etter melding om røykutvikling ved Elkem i Bremanger.
Shahrooz Lahooti ved 110 Vest kan fortelje at det er utfordringar på staden, fordi dei ikkje kan bruke vatn. Dette kjem som følge av prosedyrar Elkem har for å unngå ytterlegare skader på anlegget.
Brannvesenet melder kontroll på situasjonen klokka 14.45.
Firda oppdaterer saka.