– Dette er ei vidareutvikling av trimgruppa, fortel leiar Paula Snook.
Syril har i mange år hatt eit volleyballtilbod i trimgruppa. Men i 2024 vart volleyball etablert som ei eiga særgruppe og idrettslaget har sidan då brukt mykje tid på å planleggja og byggja opp nye tilbod på Leikanger.
Det har resultert i eit A-lag for herrar, minivolleyball for born og tilbod til asylmottaket. Eit ungdomstilbod er også under utarbeiding.
– Det blir open trening tysdag 10. november. Her kan dei som vil koma for å prøva spelet og finna ut om det er noko for dei, seier Snook.

Volleyballstyret: Anatolii Yashyn (utstyr-og integreringsansvarleg), Arek Lekki (trimansvarleg), Kristian Slinde (oppmann a-laget), Martin Fodstad Stølen (nestleiar) og Paula Snook (leiar).
Foto: Syril
– Blitt ganske gode
Martin Fodstad Stølen, som er nestleiar i særgruppa, fortel at tanken om å stilla lag i serien dukka opp i fjor.
– Me har spelt mest for moro og det har gått litt opp og ned. Men dei siste åra har me vore ein gjeng som har blitt ganske gode og i fjor spelte me nokre venskapskampar mot mellom anna Studentspretten og Balestrand. Då fann me ut at me hadde eit greitt nivå.
Dei melde difor på eit herrelag i 3. divisjon Sogn og Fjordane.
– Me er ei kjerne på 15 spelarar.
Desse er i alderen 17 til over 40 år, frå Leikanger, Balestrand og fleire ulike nasjonalitetar.
– Balestrand hadde lag i 3. divisjon i fjor og rykte opp, men greidde ikkje stilla lag i år. Nokre av dei er med oss og trenar i år. Me har også med oss spelarar frå mottaket. Det er veldig kjekt.
Herrelaget i aksjon.
Foto: Sara Felde Liljedal
God start
Dei første bortekampane var i Gaularhallen 31. oktober.
– Det vart ein tøff kamp mot Sunnfjord 2. Syril held følgje i alle sett, men måtte gje tapt 0–3. Så vart det ein sterk seier 3–0 over Viksdalen i andre kamp, skriv Syril på Facebook.
– Me har fått ein god start, seier Stølen, som sjølv er ein del av spelargruppa, men ikkje har spelt kamp enno.

Les også
Gjekk saman om ny satsing: – Ungdommane har spurt om det fleire gonger
– Motiverte
Laget trenar to gonger i veka.
– Mange er motiverte. Det er kjempegøy, seier Stølen og understrekar at dei får god hjelp.
– Me er heldige som har lokale ressursar som har lært oss både teknikk og formasjon. Paula Snook har spelt aktivt både i Tyskland og Noreg. Tone Oppedal, som har spelt i 1. divisjon, har også vore inne og hjelpt oss.
– Kva er ambisjonane?
– På spelarmøte før sesongen snakka me om å verta topp tre. Det er ikkje så mange lag med i serien vår, berre seks stykk. Å prøva å halda oss i øvre halvdel må vera bra. Det er litt ambisiøst, men må får sjå.
Håpar mange kjem på heimekamp
6. desember ventar første heimekampane i Saften. Då kjem Sunnfjord 2 og Førde VBK 4 på besøk.
– Det hadde vore kjekt om mange kom for å heia, seier Snook.