Klokka 17.46 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Fjordvegen mellom Loen og Olden. 

Det skal vere tre bilar involvert i ulykka. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade, opplyser politiet. 

Politiet er på staden. 

– Det er snakk om ein påkøyrsel bakfrå, melder Jan Børge Misje, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. 

Politiet gjer undersøkingar på staden. 

Firda kjem tilbake med meir.