Frå 27. til 29. november skal området utanfor rådhuset fyllast med salsbuer, lokalmat, hestar og nissar.
Ideen dukka opp under ein workshop i starten av oktober i regi av Førde Sør AS. Målet var å finne tiltak som kunne skape meir liv på sørsida av elva.
– Førde treng ein skikkeleg julemarknad, og det er mange som har sakna dette. Så vi fann ut – i litt siste liten – at dette måtte vi berre lage, seier prosjektleiar Marie Tefre Birkeland.
Opplever stor interesse
Bak arrangementet står Førde Sør, Sunnfjord Utvikling og Smakslandet Sunnfjord. Trass knapp tidsfrist, er engasjementet på topp.
– Vi har berre gønna på og jobbar på spreng med å få alt på plass. Heldigvis er mange av oss vande med å jobbe fort, seier ho lattermildt.
Responsen så langt tyder på at folk i Førde er svoltne på litt førjulsstemning.
– Vi la ut arrangementet på Facebook midt på dagen ein onsdag, og dagen etter var det allereie 300 som hadde meldt si interesse. Så vi opplever at dette verkeleg er noko Sunnfjord ønsker seg, fortel prosjektleiaren.

DRAUMEN: – Målet er å skape ein ordentleg koseleg marknad med det som høyrer til. Draumen er at vi får snø, og kan ha hest og slede. Men vêret kan vi dessverre ikkje styre, så det blir truleg hest og kjerre i staden, ler Marie Tefre Birkeland (t.h.)
Foto: Roy Sunde
Aktivitetar ute og inne
Julemarknaden skal samle lokale utstillarar, handverkarar, småskalaprodusentar og andre som ønsker å vise fram og selje produkta sine.
I tillegg blir det ulike aktivitetar innandørs, mellom anna nisseverkstad inne i lokala til Peak.
– No jobbar vi med å spikre dei siste detaljane og sponsorar. Det er også plass til fleire utstillarar, så det er berre å ta kontakt, oppfordrar Tefre.
Arrangørane har også søkt om å få sperra av Langebrua for biltrafikk under arrangementet.
– Håpet er at det skal aule av folk og liv på heile sørsida. Om brua blir stengd, kan ungar springe rundt og leike fritt, seier ho.

EIGNA: Området utanfor rådhuset har både godt med plass og tak – i tilfelle vêret ikkje spelar heilt på lag. – Det er litt av grunnen til at vi har valt denne plassen som utgangspunkt. Men får vi sperra av Langebrua kan marknaden strekke seg litt ut, seier Marie Tefre Birkeland.
Foto: Roy Sunde
Black Friday og grantenning
Marknaden opnar same helg som handelsstanden riggar til den årlege Black Friday-helga. Birkeland ser ikkje på handelsrushet som ein trussel, men heller som ein fordel for byen.
– Eg tenker at julemarknaden blir eit fint supplement. Då er det mykje folk i sentrum uansett, og det er akkurat det vi ønsker, slår ho fast.
Søndag ettermiddag rundar julemarknaden av like før Førde Skulemusikkorps og Førde musikklag tek over med julegrantenning og basar.
– Vi håpar og trur at vi skal klare å spreie litt ekte førjulsglede for både store og små denne helga, avsluttar Birkeland.

Les også
Ut mot tilbodshysteri: – Håpar folk tenker seg litt om

Les også
Spår ellevill julehandel: Butikkane kjempar om milliardar