Eg må vere ærleg på at The Legend of Zelda: Breath of the Wild aldri heilt traff meg. Det var ikkje det eg ynskjer meg frå eit Zelda-spel. Jaudå, det var stort og ambisiøst med imponerande detaljrikdom.
For meg er det likevel eit heilt anna ord som skildrar spelet; tomt.
Å spele The Legend of Zelda: Ocarina of Time igjen etter alle desse åra illustrerer på demonstrastivt vis kor mykje betre dette spelet er enn det meste Nintendo – eller nokon, for den saks skuld – har gjort i åra sidan, og kvifor eg fryktar for framtida om Breath of the Wild skal bli malen utviklarane går etter frå no av.
Før alt går skeis.
Øystein Furevik/Gamer.no
Lite, men stort
Ocarina of Time viser kvifor spel med digre opne verder ofte kan vere bortkasta tid.
Mi erfaring med store, utstrakte verder og spela som leikar seg i dei er ofte denne; spring mykje til lyden av fotsteg, sjå rundt deg til du har sett deg lei og ikkje lar deg imponere lenger, og bli positivt overraska kvar gong noko som minnar om musikk bryt med den overveldande monotonien.
Ocarina of Time er akkurat det eg vil ha i eit spel. Det kastar ikkje bort tida mi, kvar detalj er der av ein grunn, og herleg musikk ligg alltid i bakgrunnen og kiler øyra mine med stemning. Her spring vi rundt i grotter eller rir over vidstrakte sletter med lett gjenkjennelege tonar som vekker eventyrlyst og heltemot i staden for isolasjon og sosial angst som ser ut til å vere eit nedfelt mandat for alle som skal lage musikklause opa verd-spel.
Spelverda i Ocrina of Time er ikkje stor, men den framstår slik. Di neste utfordring og ditt neste eventyr er alltid rett rundt hjørnet, eller ein kort joggetur unna, og eg elskar det. Det er ein grunn til at Ocarina of Time rangerer på så ufatteleg mange lister over tidenes beste spel.
Det er eit av tidenes beste spel. Dette er spelet som tok det fantastisk The Legend of Zelda: A Link to the Past og drog det inn i den tredimensjonale verda. Nintendo gav verda noko den ikkje var klar for, og skapte eit stykke historie som aldri lar seg gløyme.
LES OGSÅ: Eit spel som endra verda
Lite er betre enn litt vindt i håret.
Øystein Furevik/Gamer.no
Modernisert, takk og lov
Når det er sagt. Ocarina of Time har på mange måtar møtt alderdomen som gammal mjølk, og er nesten smertefullt å spele den dag i gag.
Det må vere lov å poengetre dette. Spelet var eit tidleg 3D-spel frå folk som knapt hadde gjort slikt før, og det på ein konsoll med berre ei styrestikke.
Ikkje berre framstår resultatet i dag tungvindt og keitete, det er tungvindt og keitete og er hovudgrunnen til at det byrjar å bli lenge sidan sist eg tok akkurat denne turen innom Hyrule. Til samanlikning nyt eg eit gjensyn med A Link to the Past rett som det er, men det spelet har eldast som ein fin vin.
Det sagt. Det er eit heilt anna spel vi får i 2026-tolkinga av Ocarina of Time. Dette er eit spel som ivaretek alt som gjorde originalen så høgt elska, men som fjernar irritasjonane, fiksar dei tunge kontrollane og lar både nye og gamle spelarar spele dette spelet på ein måte som gjer denne versjonen til den opplevinga vi alle trudde vi hadde i 1998.
Ocarina of Time er så smidig og polert at dei fleste potensielle konkurrentar hamnar fullstendig i skuggen. Kampsystemet flyt som ein draum, å skifte utstyr og gjenstandar er gjort med knappetrykk og alt flyt under fingrane.
Var det alltid så enkelt?
Øystein Furevik/Gamer.no
Eit nydeleg stykke spelhistorie
Ocarina of Time sine aller største høgdepunkt er det eg sakna aller mest i Breath of the Wild; grottene.
Desse tidvis store underjordiske kompleksa fulle av krikar, krokar, kister, nye gjenstandar og ei uendeleg rekke med små gåter for nesten kvart steg du har.
Utfordringa er nesten provoserande perfekt balansert. Dette er ikkje eit vanskeleg spel, og om ein skal kritisere denne nyversjonen for noko er det at spelet no kanskje har blitt litt vel enkelt. Var desse sjefskampane alltid så forutsigbare og banalt enkle?
Det er likevel moro, heile tida, og utan stopp.
Eg får ei konstant og vedvarande kjensle av å alltid vere på veg ein stad, av å alltid få til av noko sjølv om eg også alltid har spørsmål eg leitar etter svar på. Du blir så mata med positiv stimuli som kjem av at du faktisk har prestert noko at ein nesten kan bli litt mållaus.
Dette er ikkje samanliknbart med hjernedaude dopaminfabrikkar der du skal klikke på eit punkt for å gå opp i nivå. Dette er godt gjennomtenkte gåter og utfordringar som er akkurat så passe utfordrande at born i absolutt alle aldrar kan kose seg med dei.
Ei verd for våre føter.
Øystein Furevik/Gamer.no
Stil til besvær
Det som kanskje har hausta flest negative reaksjonar før lansering var den visuelle stilen Nintendo har gått for, og her må eg til dels seie meg einig.
Med denne versjonen av Ocarina of Time har utviklarane gått for ein litt sær mellomting mellom fotorealisme og dokketeater. Spesielt unge Link gir meg alvorlege uncanny valley-vibbar, men dei er heilt borte når Link er vaksen, eller med andre figurar vi møter i spelet.
Eg skulle ynskje Nintendo hadde dytta enda litt meir i retning dokketeater. Fått det til å sjå ut som alt var handlaga, ned til kvart vesle lauv. Noko meir i retning av det Square Enix gjorde med Dragon Quest VII Reimagined frå tidlegare i år.
Det sagt, dette er eit imponerande spel, og det er stunder då dette er noko av det mest spektakulære eg har sett. Det er så mange små detaljar overalt som får verda til å sjå levande ut. Frå detaljar i hus og gatene rundt, korleis skogane er levande og fulle av ein stemningsfull dis som virvlar rundt føtene når Link spring fordi, til korleis det sære persongalleriet er animert.
No og då viser Switch 2 kor grensa går, som når ein rir over slettene i Hyrule og lett kan sjå graslause åsar i det fjerne, men det er småtteri som forsvinn så fort sola går ned og månen kastar sitt kalde, vakre lys over verda.
Hopp, hopp, hopp.
Øystein Furevik/Gamer.no
Konklusjon
Med The Legend of Zelda: Ocarina of Time demonstrerer Nintendo alt som hat gått tapt på dei åra som har gått sidan spelet først kom ut på Nintendo 64 i 1998.
Dette er det beste Zelda-spelet sidan, vel, Ocarina of Time.
Det er eit spel som får meg til å føle meg som ein unge igjen. Eg kjenner den uskuldige gleda over å reise på eventyr velle over meg. Eg vil berre sjå litt meir, gjere litt meir, vere her litt meir. Heilt tida vil eg berre litt meir, og ikkje på den negative måten mange moderne spel kynisk brukar for å manipulere oss til å søke belønning for null innsats.
Her vil eg ha meir fordi det er så inderleg gjevande. Spelet byr kanskje ikkje på dei store utfordringane, men eg føler meg smart fordi eg skjønte korleis eg skulle løyse den utfordringa fordi eg la merke til detaljane og no veit kva eg skal gjere. Der nokre spel er kompromisslause og på grensa til sadistiske er dette ein varm genser og eit fat med stearinlys ein sein haustkveld.
Mest av alt viser The Legend of Zelda: Ocarina of Time til ein ny generasjon kvifor akkurat dette spelet gong på gong blir kåra til eit av tidenes beste spel.
The Legend of Zelda: Ocarina of Time er ute no på Switch 2.