Det er kanskje ikkje ei stor overrasking at folk vil gå på kino for å sjå ein splitter ny filmatisering av Knut Hamsun sin «Markens grøde», ein av våre beste forfattarar, tolka av Hans Petter Moland, ein av våre mest kjende og respekterte filmskaparar. Nesten 350 besøkande i Florø, og 33.000 nasjonalt i opningshelga er likevel meir enn underteikna hadde forventa.
I skrivande stund er det over 40.000 som har sett filmen, mellom anna under Bergen internasjonale filmfestival, på førpremiere i Luster der den blei spelt inn, og altså på ordinære kinovisningar over heile landet etter at den hadde premiere den siste fredagen i oktober.
Boka kom ut i 1917, for meir enn hundre år sidan. Kva er det som gjer at den går heim hos publikum no på tampen av 2026? Er det noko med tidsånda? Boka kom ut under første verdskrig, og er både sivilisasjonskritisk og skeptisk til alt som er moderne. Isak Sellanraa er hovudpersonen som flyktar frå det moderne samfunnet ut i naturen, der han ryddar seg ein gard og lever eit liv i pakt med naturen.
Romanen idealiserer bondelivet, kritiserer det moderne, og har i ettertid blitt kopla til høgrenasjonale strøymingar. Hitlers propagandasjef Joseph Goebbels la sin elsk på boka. Under andre verdskrig blei den gitt ut med hakekors på omslaget og gitt som gåve til tyske soldatar i Norge.
Kvifor så populær?
Etter å ha tumla litt med desse spørsmåla på eiga hand, skjønte eg at eg måtte ha eksperthjelp. Eg har ikkje lest boka sidan eg var tidleg i 20-åra, og har framleis ikkje fått sett filmen. Eg ringde i staden ei som både har sett filmen, og har god kjennskap til både Hamsun og Markens grøde.
– Kva er det som får folk til å gå mann av huse for å sjå Markens grøde på kino, Beatrice G. Reed?
– Det er nok mange årsaker til det. Det er ein veldig kjend roman. Ei kjend historie. Mange av dei som går og ser den har nok eit forhold til boka. Så er det ein forteljing om å trekke seg ut av sivilisasjonen, om å bygge noko sjølv, som nok mange kan kjenne seg igjen i. Draumen om eit småbruk. Ein lengsel etter noko ekte, ein nærleik til naturen. Mange har nok fått med seg kva det går i. Så er den spelt inn lokalt i Sogn, med ein anerkjend regissør, med gode skodespelarar. Det er ikkje overraskande at den går godt på kino.
Ideologisk tankegods
Beatrice G. Reed er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og postdoktor ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på natur, og forholdet mellom natur og menneske i skandinavisk litteratur. Ho jobbar og med framstilling av minoritetar i nordisk litteratur, og er spesielt oppteke av samar, samisk litteratur og natursyn. Stort betre kvalifisert for å meine noko om Markens grøde er det truleg vanskeleg å bli.

Hans Petter Moland er blant våre fremste filmskaparar. Hans filmatisering av Markens Grøde ligg an til å bli ein stor suksess.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
– Så min teori om at det er noko med tida vi lever i som gjer at filmen kjem no, og at den går så godt som den gjer, det er litt søkt?
– Det er mykje ideologisk tankegods i romanen. Den kom ut i ei krisetid då det kunne verke som om samfunnet var i ferd med å gå i stykker, og denne draumen om å trekke seg tilbake. Det er noko vi kan kjenne oss igjen i, også i vår tid. Men det er nok ikkje difor folk flest går på kino for å sjå denne filmen.
Boka er kontroversiell, filmen er tannlaus
Blant filmkritikarar har filmen fått blanda mottaking. Bergens Tidende gir den seks hjarte. Aftenposten landar på ein toer, men kritikken er så ramsalt at det må vere ein særs svak toer. Minerva meiner den er «ein kjønnsideologisk katastrofe», medan Vårt Land gir den skryt for å vere modig, sjølv om også dei har nokre ankepunkt.
– Kva tenker du om måten regissør Moland har tolka Hamsun sin roman?
– Han har tatt eit utsnitt av romanen. Det som handlar om relasjonen mellom Isak og Inger, og reindyrka den kjærleikshistoria. Han har skrelt bort mange sidehistorier og andre karakterar. Det er fokusert, ektefølt og eksistensielt. Men boka er så mykje meir. Den er politisk, der er det humor, sarkasmar og samfunnskritikk. Alt det er skrelt bort. Eg likte filmen, men det blir noko veldig anna enn romanen. Boka er kontroversiell, filmen blir ganske tannlaus.
Antifascistisk film
Film og litteratur er to forskjellige kunstartar. Reed anerkjenner at når ein roman skal bli til ein film må det gjerast nokre kunstnariske val. Kva skal vere med, og kva skal kuttast. Det er regissøren sitt privilege å ta desse vala. Problemet, seier ho, er at ved å gjere filmen så tannlaus blir også Hamsun sjølv mindre kontroversiell.
– Hovudproblemet for meg er at dei som ser filmen utan å ha lest Knut Hamsun kan få inntrykk av at hans forfattarskap berre er flott og greitt. Hamsun sjølv er jo ein ambivalent skikkelse.
Slik kan ein også sjå det. Hamsun var nazist. Nobel-medaljen som han fekk for romanen Markens grøde i 1920 gav han til Joseph Goebbels under eit møte i Tyskland i 1943. Etter krigen blei han stilt til ansvar og tiltalt for landssvik på grunn av sitt medlemskap i Nasjonal Samling og opne støtte til nazistanes okkupasjonsstyre. Han blei dømt til å betale erstatning til staten, men slapp fengsel etter at psykiatrane vurderte det slik at han led av «varig svekka sjelsevner».

Knut Hamsun har akkurat landa på Fornebu flyplass etter eit besøk i Tyskland i 1943. Her blir håndhilser han på Reichskommisar Josef Terboven, som møtte Hamsun på flyplassen. Filmfotograf i bakgrunnen foreviger begivenheten.
Foto: Aage Kihle NTB / NTB
Foto: Kihle Aage
– I eit intervju med Demo seier regissør Moland at filmen er «antifascistisk». Er du einig i det?
– Filmen er antifascistisk, og det seier noko om kor langt unna boka filmen er. Eg er meir overraska over at Moland også har sagt at han har vanskeleg for å finne spor etter nazisme i teksten til Markens grøde.
Rasistiske skildringar
I det same intervjuet med Demo seier Moland at det å tolke Markens grøde som eit nazistisk prosjekt er «vås». Han har rett i at Markens grøde ikkje er ein nazistisk roman. Den er skriven før nazismen oppstod i Tyskland. Det er likevel ikkje vanskeleg å finne element i boka som forklarar kvifor den falt så i smak hos Goebbels og hans meiningsfellar. Det er blod og jord-ideologien. Det er antimodernisme og sivilisasjonsforakt. Det er forakt for demokrati og rettsvesen, latterleggjering av kvinnekamp, og ei framheving av eit patriarkalsk samfunnssyn der den sterke mannen styrer sitt eige rike uavhengig av stat, lov og reglar.
Ikkje minst inneheld boka, som Reed skriv saman med Ingri Løkholm Ramberg i Morgenbladet, «nokre av dei mest eksplisitt rasistiske skildringane av samar i norsk kanonlitteratur». I filmen er samane så godt som fjerna frå handlinga, med unntak av eit glimt av to skikkelsar ikledd pesk, med rein langt ute i fjellandskapet. Reed og Ramberg skriv at ein ved å gå utanom forteljinga si omgang med samiske karakterar og motiver står filmen fram som ein forenkling som reinvaskar Hamsun, samtidig som det reduserer aktualiteten hans på same tid.

Innspelinga av «Markens Grøde» skjedde frå juni til
desember i fjor.
Foto: PRESSEFOTO FRÅ FILMEN Markens Grøde
Oppmodar folk til å sjå filmen
– Ved å berre fokusere på kjærleikshistoria har Moland gjort det lett for seg sjølv?
– Ja. Han har tatt nokre grep. Han har gått inn for å laga ein antifascistisk film. Isak Sellanraa framstår som ein meir følelsesmessig kompleks karakter. Det kan ein jo like eller ikkje like. Då eg høyrde at boka skulle bli film var eg veldig nysgjerrig på kven som skulle få den rolla, og eg såg nok føre meg at det ville bli ein meir Kristoffer Hivju-type. Eg blei overraska over at det blei Herbert Nordrum, han er ein heilt anna type, men eg synest han er kjempegod!

Kan ein skilje forfattar og verk? Det er ein evig diskusjon. Knut Hamsun er utan tvil ein av våre største forfattarar, men han var og nazist. Kva betyr det for korleis vi les bøkene hans?
Foto: NTB
– Er det mogleg å sjå filmen utan å tenke på Hamsun sine politiske meiningar? Bør vi det?
– Ja, eg vil anbefale folk å sjå filmen. Eg hadde ein god filmoppleving, visuelt er den utruleg flott. Så håper eg at den inspirerer folk til å lese Hamsun, for det synest eg folk bør gjere. Eg er ikkje av dei som vil rive statuar, men vi må bruke dei til å lære av historia. Sjå filmen, les bøkene, men ver kritiske, avsluttar Reed.
For ordens skyld: Journalisten som har laga denne saka har ei ekstrajobb på Florø kino.