I Rogaland samla sett går andelen unge uføre (18–29 år) svakt ned, driven av at færre unge menn fell utanfor.
– Sjølv om det er ei svak auke i tal uføre i Rogaland samanlikna med tredje kvartal i fjor, held andelen seg stabil, fortel direktør i Nav Rogaland Merethe P. Haftorsen.
Stavanger har ein av dei lågaste uføreandelane i fylket med 7,4 prosent, berre slått av Sola (6,7 prosent). Til samanlikning er landsgjennomsnittet 10,6 prosent.
Hillevåg har flest – Eiganes og Våland aukar mest
Ved utgangen av september fekk 7339 innbyggjarar mellom 18 og 67 år uføretrygd i Stavanger. Det er 34 fleire enn på same tid i fjor.
Bak dei samla tala skjuler det seg store sprik mellom bydelane:
- Flest uføre: Hillevåg har flest med 1237 mottakarar, tett følgd av Storhaug med 1022.
- Høgast andel: Dei tidlegare øykommunane Finnøy og Rennesøy har størst andel med 9,6 prosent kvar.
- Lågast andel – men størst hopp: Eiganes og Våland har lågast andel uføretrygda med 5,8 prosent. Likevel aukar bydelen med 24 mottakarar – opp 2,5 prosent.
- Størst nedgang: Madla går motsett veg, og har 12 færre uføre enn for eit år sidan.
Bydel for bydel
Lysglimt blant dei unge
I Rogaland får no 29.257 personar uføretrygd. Sjølv om totalsummen stig noko, peikar pilene rett veg for dei yngste:
– Det er positivt at tal unge uføre går ned. Samstundes veit me at mange unge framleis står utanfor arbeidslivet, og det er viktig av me fortset innsatsen for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet, seier Haftorsen.
Ser ein på alle vaksne uføre (18–67 år), er 60 prosent kvinner. Blant dei under 30 år er biletet derimot snudd på hovudet: Her er 56 prosent menn.
Innholdskarusell med 20 artikler.