Så langt når vi no skriv 10. november, har det halde seg snøfritt i Sunnfjord og omegn.

Men tysdag kjem meteorologane og yr.no med eit vink om at vi med stort sannsyn har eit snøfall i vente, og at dette kan komme allereie frå onsdag kveld.

Det vert klart av eit gult farevarsel som vart kjent tysdag føremiddag.

Farevarselet gjeld frå onsdag 11. november klokka 17.00, til klokka 04.00 torsdag 12. november. Varselet gjeld store delar av Vestland.

I denne perioden er det venta mellom fem og ti centimeter snø, i område over 100 meter.

Yr.no skriv at grunna snøfallet, så vil nokon måtte rekne med å få lengre reisetid. Dei oppmodar difor om å berekne ekstra tid til transport og køyring, i tillegg til å køyre etter forholda.

Dei oppmodar også om å sjekke detaljerte vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk.