ULLENSVANG [Hardandger Folkeblad]: I fleire europeiske land finst det løp der vingardar, lokal mat og kultur er ein integrert del av sjølve løypetraséen. No får Noreg sin eigen variant langs vestsida av Sørfjorden. Det kjem fram i ei pressemelding frå stiftinga Hardanger Smaksmaraton, som står bak nysatsinga.

Aga Sideri og frukthagane langs vestsida sett frå fjorden. Sommaren 2027 skal deltakarane ta seg gjennom dette landskapet til fots.
Foto: Eli Lund
Løypa er om lag 22 kilometer lang – altså nærare ein halvmaraton enn ein full maraton – og går på veg, sti og traktorveg gjennom eit frodig kulturlandskap. Løypa kan vera bratt og tidvis utfordrande, men undervegs ventar det ti stopp hjå gardar der fruktdyrking og siderproduksjon har stått sentralt i generasjonar. Kvar produsent vil setja sitt eige preg på stoppa med lokalmat, musikk og kulturinnslag.
– Hardanger Sidermaraton er først og fremst ei kulturell oppleving. Du vel sjølv om du vil springa for å få ei god tid, eller gå innimellom og nyta utsikta. Målet vårt er at deltakarane skal få oppleva det autentiske Hardanger på ein ny og annleis måte, seier Anna Gursli Langesæter, styreleiar i stiftinga Hardanger Smaksmaraton.
– Dette er ikkje eit idrettsarrangement, det er eit kulturarrangement. Men me bind det saman ved at folk kan springa eller gå. Det viktigaste er det du ser og opplever undervegs, utdjupar ho.
Arrangørane ønskjer både raske løparar, turgåarar og heiagjengar velkomne langs løypa, så lenge deltakarane held seg innanfor den fastsette makstida.
Vil unngå fylkesvegen
Idéen om eit slikt arrangement oppstod opphavleg i Kvam, men valet fall til slutt på Ullensvang. Arrangementet har mellom anna fått etablerarstøtte frå Sparebankstiftinga Hardanger.
Dei endelege detaljane rundt den nøyaktige traséen vert ikkje offentleggjorde før 1. desember 2026. Arrangørane er no i fin dialog med lokale grunneigarar for å få dei naudsynte avtalane på plass. Målet er å skjerma deltakarane mest mogleg frå biltrafikken på fylkesvegen ved å leggja løypa opp over Hauso og Jåstad og langs gamlevegen på Aga og langs Bleievegen.
Fokus på tryggleik

STYRELEIAR: Anna Gursli Langesæter er styreleiar i Hardanger Smaksmaraton, som står bak det nye arrangementet. Ho understrekar at løpet fyrst og fremst er ei kulturell oppleving og ikkje eit idrettsarrangement.
Foto: Eivind Dahle Sjåstad
Arrangørane er budde på at kombinasjonen av fysisk aktivitet og alkohol vil føra til kritiske spørsmål, og understrekar at tryggleik og ei ansvarleg gjennomføring vert teke på alvor i planlegginga. Dei jobbar no med ein tryggleiksplan og er i dialog med aktuelle styresmakter og Ullensvang kommune.
Mellom anna vil det vera vatn og gode alkoholfrie alternativ på alle stoppa i løypa, og arrangøren presiserer at ingen treng å drikka alkohol under løpet då opplevinga skal vera like god utan. Sider med alkohol vert berre servert i små, oppmålte smaksprøvar etter ordinære skjenkereglar, og all alkohol skal drikkast innanfor avgrensa og oppmerkte område.
– Dette skal ikkje handla om å drikka mest mogleg. Det skal handla om å oppleva kulturen, fjorden, folka og landskapet der eplet har vore ein viktig ingrediens i mange hundre år, seier Langesæter.
Det vert eit avgrensa tal plassar det fyrste året for å sikra ei trygg gjennomføring, med mål om at arrangementet kan veksa forsvarleg i framtida.