Onsdag kveld og natt til torsdag er det venta mellom 5–10 cm snø i vest.
– Det er usikkert om snøen legg seg heilt ned i fjøresteinane, men det blir elles eit fint lag med snø over 100 meters høgde, melder Meteorologene som har sendt ut gult farevarsel gjeldande frå onsdag klokka 17 til torsdag klokka 04.
Bruk riktige dekk og køyr etter forholda er den klare meldinga.
Sjølv om årets første snøfall vil koma mange stader, blir det ikkje nokon skikkeleg vinter enno. Ifølgje yr.no er det venta mildare luftmassar og nedbør som regn i helga.