Meiningar
Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Dette handlar om langt meir enn fotball. Dette handlar om noko som har teke 50 år å byggje opp, og som har ein verdi for Sogndal og heile Sogn som eg trur altfor få av oss er klar over.
I eit halvt hundreår har Sogndal utfordra dei store i norsk fotball. Frå cupfinalen i 1976 og fram til i dag har klubben klart noko nesten ingen trudde var mogleg. Ein liten stad inst i Sognefjorden har år etter år konkurrert med dei største byane i landet.
Det er eigentleg ganske utruleg.

Les også
Bakke kjenner på djup skuffelse, men: – Dette skal me klara
Eg trur me undervurderer kor mange rundt om i Noregs land som har trykka Sogndal til sitt hjarta. Kor mange har ikkje hatt Sogndal som sin favorittklubb nummer to? Me har vore «Askeladden» i norsk fotball. Den vesle som har utfordra dei store, og som gong på gong har vist at det er mogleg å få til noko stort, sjølv om ein kjem frå ein liten stad.
Det er denne historia som har gjort Sogndal til ei nasjonal merkevare. Ei merkevare som ikkje berre tilhøyrer fotballklubben, men heile regionen.
Svaret ville overraska mange
Kvar gong Sogndal blir omtala i nasjonale medium, blir også bygda og Sogn sette på kartet. Det er merksemd og marknadsføring som kjem reiselivet, næringslivet, høgskulen og lokalsamfunnet til gode.
Kva trur de det ville ha kosta næringslivet og reiselivet i Sogn å kjøpe tilsvarande merksemd gjennom 50 år? Eg trur svaret ville overraska mange.
Men kva skjer dersom me mistar denne posisjonen? Kva skjer dersom Sogndal ikkje lenger blir ein naturleg del av det nasjonale fotballkartet? Når medieomtalen blir mindre, interessa minkar og færre utanfor regionen har eit forhold til namnet Sogndal?
Og konsekvensane stoppar garantert ikkje ved stadionportane.
Fotballen skaper puls i bygda, samlar studentar, næringsliv, familiar og folk frå bygdene rundt Saftbygda. Han skaper aktivitet for handelsstanden, serveringsstadane og andre lokale bedrifter. Han gir ungdom noko å drøyme om, og han gir oss alle noko å vere stolte av og stå samla rundt.

Terje Teigen uroar seg for kva konsekvensane kan bli for heile regionen ved eit eventuelt Sogndal-nedrykk.
Foto: Martin Salbu
Me treng ikkje vere einige
Sogndal Fotball er ein del av næringsmotoren i Sogn. Ein del av det som gjer regionen synleg, levande og attraktiv.
Difor er ikkje spørsmålet berre kva det kostar å satse på fotballen. Spørsmålet er også kva det kan koste oss å la vere.
Me treng ikkje vere einige om alt som skjer og har skjedd i og rundt klubben den siste tida. Men me må ikkje gløyme kva som står på spel.
For dersom me ein dag mistar posisjonen Sogndal har brukt 50 år på å byggje opp, er det ikkje berre fotballklubben som taper. Då taper heile Sogn.
Sogndal Fotball er ikkje berre elleve spelarar på ei bane. Det er ei historie, ein identitet og ei merkevare som har sett bygda og regionen på kartet i heile Noreg.
Det har teke 50 år å kome hit og me kan ikkje ta for gitt at denne posisjonen varer evig.
Mange veit kva det har kosta å byggje han opp. Men veit me kva det vil koste å miste han?
Håpar den flotte mobiliseringa, og engasjementet som me har sett dei siste kampane held fram inn i kvaliken.
Stao no pao!
Les også
Det kan verka som at bygda har tilgjeve – men er det verkeleg ingen som skal seia unnskyld?

Les også
Frå mønsterbruk til mareritt