No rundt valet har det naturleg nok vore klaging på mange område, store og små.
Ein del er nok rettkomen, men mykje av det som generelt vert klaga på tek utanapunkt i klagaren sitt snevre syn, utan å sjå andre sider ved saka, og at problemstillinga er del ut av eit større heile. Ein klagar som om tilgangen på ressursar både i tid og pengar er heilt utan avgrensing.
Slik er det ikkje i røyndomen.
Det er lurt å setja seg litt inn i korleis samfunnet verkar. Ein utmerkja måte å gjera det på er ein periode i kommunestyret. Då må ein læra å sjå samanhengar. Men no kan sjølvsagt ikkje alle koma med i kommunestyret, men med å følgja godt med i aviser og media kan ein læra mykje. Og aller helst å vera med i politikken.
Så klagar vi på at politikarane lovar og lyg. Det som skjer i ein valkamp er at politikarane seier kva dei vil gjera om deira parti får reint fleirtal. Det får partia sjølvsagt ikkje. Det blir kompromiss, og det må vi veljarar ta omsyn om vi vil vera seriøse.
Når det er sagt er det sjølvsagt ein god del loving og lyging. Det er ikkje til å unngå.
Når vi ser på det som var demokratiet si høgborg, USA kan vi gleda oss over kor skikkeleg og reinsleg valet er her, og håpa det vil vara ved.
Eg har tru på at dei som er valde til politiske posisjonar vil gjera sitt beste for å fylla vervet og til dykk alle: Lukke til til dei og til oss som veljarar med våre val!