Klokka 02.37 natt til onsdag rykte naudetatane ut til ei adresse i Gaupne i Luster, etter melding om brann i ein bustad.
Då politi og brannmannskap kom til staden, skal det ha vore opne flammar på utsida av bustaden, melder politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt.
Det vert meldt å ha vore éin person i huset, ei kvinne, og at ho var komen ut og under tilsyn av helsepersonell.
Bustadbrannen førte elles til evakuering av nabohus, men dette avgrensa seg til éi øvrig bustadadresse, der det budde to personar.
Til legevakt for sjekk
Klokka 03.25 vart det meldt om delvis kontroll på brannen, men det brann framleis i takkonstruksjonen til bustaden.
Om lag 20 minuttar seinare rapporterte brannmannskapa at dei hadde kontroll.
Det vert vidare meldt at ein person er teken med til lege for sjekk. Dette etter å ha fått i seg røyk.
Siste meldingane frå politiet, like før klokka 06.00 onsdag morgon, er at ein mann i 30-åra er pågripen. Han er mistenkt for å ha starta brannen, melder politiets operasjonsentral.
Sendt til Førde
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen, fortel at den pågripne mannen er sendt til arresten i Førde.
Det skal vere store brannskadar, og operasjonsleiaren fortel vidare at det no vert jobba på staden med restverdisikring.
– Det er status der per no, men etterkvart vil det starte opp kriminaltekniske undersøkingar.
Når dette startar, er per no ikkje kjent.
– Brannen startar nattetid, og de har pågripe ein mann under mistanke for brannstifting. Det blir tidleg meldt om opne flammar, og ei kvinne vert evakuert. Ei svært dramatisk hending?
– Det er det. Det er difor bra det neda så godt som det gjorde. Det har nok vore ei dramatask hending, spesielt for kvinna som vart evakuert, seier Dahl-Michelsen.