– Det er ikkje så mykje spennande å melda om, men snø har me fått, seier Sleire når han sjekkar loggen til vegmeldingssentralen for Sogn før klokka sju.

Mange sogningar vakna opp til årets første snø torsdag morgon, slik som på Kaupanger der biletet er tatt.

– Det er vel alltid den første og siste snøen som er glattast, og etter det eg kjenner til er dette den første, seier Sleire på Vegmeldingssentralen vest.

Slik såg det ut i Frudalen i morgontimane torsdag.
Foto: Webkamera Statens vegvesen

Det var ikkje kome inn meldingar om glatt veg eller uhell, verken der eller på politiet sin operasjonssentral.

– No er det vinter og då må folk køyra deretter. Eg trur kanskje dette har blitt hausa litt opp, men det kan bli meir trykk utover morgonen no når folk skal på jobb, seier Sleire.

Hardangervidda var stengt i ein periode natt til torsdag på grunn av bilberging.