I mange månader har Bygdanytt, familien på Klyvvikje, produksjonsteamet, tilsette i Osterøy utvikling og nokon i Osterøy kommune heldt godt på denne hemmelegheita.

LES OGSÅ: Speler inn kjendisreality på Osterøy

For kort tid sidan blei det klart at sjølve finalen skulle gå føre seg på fleire plassar på Osterøy, men ingen har visst om kven som stakk med sigeren og bilen.

– Det er jo sjukt at eg vann. Det trudde eg aldri, men det kjennest jo fantastisk, stråler ein tydeleg sliten Tandrevold etter ein månad på tur med dei 11 konkurrentane.


– Det er jo sjukt at eg vann.

– Eg har hatt ei utruleg reise med 11 andre nydelege menneske, så det er jo litt vemodig at alt er over. Det skal bli godt å sove i ei seng att, men det har vore ei reise for livet, er dommen frå 30-åringen, som har heile fire VM-gull i skiskyting.

– Me inviterer deg til å kome til å bu på seteren. Du må jo berre få litt meir tid på Osterøy, seier Eliane Mo på Klyvvikje gard.

– Tuller du? JA. Eg må jo kome tilbake no. Eg skal ta med meg mannen min.

– Det var ikkje mykje eg fekk sjå av Brøknipa for eg var så konsentrert, så eg vil gjerne oppleve meir.


Familien på Klyvvikje inviterte Tandrevold tilbake på garden.
– Ta ein pause frå skjermane

– Korleis var finalen på Osterøy?

– Tøft. Utruleg tøft. Eg grein opp Brøknipa og eg vil aldri ro meir. No er eg berre heilt tom for krefter og lei av den blytunge sekken min, men er så utruleg glad for at eg vann. Ein perfekt måte å starte sesongoppkøyringa på.


Sekken var blytung.

– Kva sit du att med etter ein månad vekke frå alle kjende og kjære?

– At eg ikkje sakna mobilen min. Eg oppmodar alle til å ta ein pause vekk frå skjermane sine. Ein går ikkje glipp av noko. Me fekk ringe heim kvar fjerde dag eller noko, og det heldt i massevis. Det skjer ikkje noko nytt heile tida, og me fekk tid til å prate, le og vere med kvarandre. Magisk, avsluttar vinnaren til Bygdanytt.

Under kan du sjå alle minna frå finaledramaet på Klyvvikje.


Programleiar Tom Stiansen ventar på vinnaren.

Klyvvikje-sjefen Eivinn Revheim synest det er stas med alt som skjer på garden.

Nummer fire og veldig sliten etter etappen i Bergen. – No skal det bli godt med ei seng å sove i, fortel geilingen Vetle Sjåstad Christiansen til Bygdanytt.

Her ser du Henrik Ingebrigtsen sykle i Molde-traktene i midten av mai. – Me hadde mykje vêr på turen, men det er jo ein del av gamet, fortel Stiansen. Ingebrigtsen kom til slutt på pallen.

– Me har jo blitt godt kjende med kvarandre etter kvart, seier Stiansen.

Siste finpuss.

Sola kom fram.

– Som bestilt, seier Eliane Mo.

Heilt ferdig.

– Denne plassen minner meg om Strandebarm kor bestemora mi er frå. Utruleg nydeleg, seier Christiansen.

Også Stiansen tar ein pust i bakken.

Rundt 55 menneske i produksjonsselskapet er i sving.

– Mat!

Ingri Thomassen og Linda Svidal Nordås i Osterøy kommune i lag med Tobby Sander Tomassen frå Osterøy utvikling følgjer nøye med.

Ulvsnesøy.

Ei kvinne i produksjonsselskapet viste fram tatoveringa si.

– Eg er så glad i geiter, seier ho og ser mot dei to venene våre på garden.

Vinnaren er snart i mål.

TV-teamet er heilt musestille.

Kamerafolka er snart ferdige.

Her kjem vinnaren.

Ingrid Landmark Tandrevold valde til slutt roing på siste etappe.

Det var nok lurt.

– Vann eg?

Meir klemming.

– Eg er heilt ferdig.

– Hæ? Tullar du?

– Fy søren, dette var tungt.

– Eg grein opp Brøknipa.

– Det er stort!

Ein månad på tur er over.

– JA!

Eg skal kome tilbake til Osterøy.

Produsent og Osterøy-ven, Emilie Fekene (svigers har hytte på øya) er nøgd med siste etappe.

Ingen pallplass på skiskyttar-esset, men han har drøssevis av medaljar frå både VM og OL i skiskyting. Sist to sølv i OL i Milano/Cortina.

Vinnaren måtte ut på fjorden att fordi eit opptak måtte gjerast om igjen.

Klyvvikje.

Ingri og Ingrid.

Her gøymer me oss alle medan dronefilming pågår.

God stemning med lappar frå garden.

Trioen frå Osterøy kommune/Osterøy utvikling,

Bobler til vinnaren.

– Eg har bil frå før av, så eg veit ikkje kva eg skal gjere med denne, seier Tandrevold.

– Du er hjarteleg velkomen tilbake til gards.

Eliane Mo.

Eit siste bilde før Tandrevold får slappe av. Ho vann overlegent.