Klokka 08.28 vart naudetatane varsla om ei singelulykke ved Magnhildskartunnelen på fv. 614. mellom Kinn og Bremanger.

Ulykka skal ha skjedd på utsida av tunnelen, mot Svelgen, opplyser operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Tunnelen er også stengd, som følgjer av ulykka.

Det er også meldt å vere glatt vegbane på staden.

Klokka 08.42 melder operasjonssentralen at mannskap frå politet er på veg, i tillegg til entreprenør.

Det ikkje skal ha vore andre enn førar i bilen, og operasjonssentralen melder at føraren ikkje framstår skadd.

Det skal derimot vere materielle skadar på bilen, og det er rekvirert bilbergar.

Klokka 08.56 er politet på staden. Tunnelen vil om kort tid bli opna og dei vil då dirigere trafikk på staden.

Firda oppdaterer saka.