Søndag 17. august kjem Maj Britt Andersen og dottera Daniela Reyes til Severinbrauta i Eidsdal for å halde det som blir den andre Bevaringskonserten i historia.
– Vi inviterer til ei heilt spesiell konsertoppleving på Severinbrauta, seier Gunnar I. Eide, prosjektleiar for konserten.
Han er ein av initiativtakarane bak Bevaringskonserten, som blir arrangert av Smart Fjord Kultur og Eidsdalsrøre, med støtte frå Sparebanken Møre og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
– Formålet er å kombinere store musikkopplevingar med støtte til vern og restaurering av viktige kulturminne i regionen, legg Eide til.
Heile inntekta frå konserten går til vern av kulturminnet.
Gunnar I. Eide er prosjektleiar for konserten.
Foto: PrivatHeidersprisvinnar i nært format
Maj Britt Andersen, som tidlegare i år fekk Spellemannprisens heiderspris for sitt livslange bidrag til norsk musikk, skal opptre saman med dottera Daniela Reyes.
– Maj Britt Andersen passar veldig godt i denne samanhengen. Ho har gjort mykje Alf Prøysen, og eg føler det er ein naturleg link mellom hennar og denne husmannsplassen, seier Eide.
Publikum får sjå og høyre dei i ein heilt spesiell atmosfære, med slåtteeng og fjøs som bakteppe.
– Publikum får oppleve musikk med djup klangbotn, formidla på ein stad der tid og tradisjonar lever vidare, seier han.
May Britt Andersen skal spele på Bevaringskonserten.
Foto: Jo Michael / PresseFormidlar historie frå bygdene
Konserten blir arrangert i dei unike omgjevnadene på den freda husmannsplassen frå 1870-talet.
Eide fortel at plassen representerer ei sjeldan kjelde til kunnskap om husmannsliv, kvinneliv og kvardagskultur på bygdene.
– Severinbrauta er freda av Riksantikvaren, og omfattar både røykstove, fjøs og låve, samt eit særmerkt kulturlandskap med slåtteeng, frukthage og originalt innbo, seier Eide.
I dag vert plassen drive av Stiftinga Severinbrauta, som både bevarer og formidlar historia om husmannsliv og kvardagskultur i bygdene.
Inntektene frå konserten går til vern av Severinbrauta.
Foto: Kristoffer N. Ytterland Få de siste lokale kulturnyheitene på Nordvestlandet