Saka oppsummert

• Ein ny rapport frå Miljødirektoratet viser at nesten halvparten av dei planlagde næringsareala i Noreg ligg i skog, mens berre 12 % gjenbruker eksisterande grå areal.
• Ekspertar peikar på at økonomiske incentiv og betre støtte til kommunane er nødvendig for å fremje gjenbruk av grå areal.
• Vestland fylke har planlagt mest næringsareal, etterfølgt av Møre og Romsdal og Trøndelag.
• Klima- og miljøministeren og andre aktørar oppfordrar kommunane til å «vaske» gamle planar og prioritere berekraftig arealbruk.
• Presset på kommunane aukar, samtidig som det lokale sjølvstyret blir utfordra av behovet for nasjonal koordinering.
• Ekspertar åtvarar om at målet om økonomisk vekst kan føre til ytterlegare nedbygging av natur, trass i statlege tiltak.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

Ein ny rapport frå Miljødirektoratet viser det er planlagd meir enn 15.000 næringsareal i Noreg, og at nesten halvparten av desse ligg i skog.

Berre 12 prosent av dei planlagde næringsareala ligg i område som allereie er bygd ut («grå areal»).

Ekspert på miljø- og forvaltningsrett, Nikolai Winge, forklarer at det som hovudregel er billigare å bygge i urørt natur framfor på grå areal.

– Derfor må det komme økonomiske incentiv for gjenbruk av grå areal, seier han.

Vestland tronar øvst på lista over kven som har sett av størst areal til næring, framfor Møre og Romsdal og Trøndelag.

– Ideelt sett bør vi bruke eksisterande gråareal, men det er ikkje så lett som å telje opp kvadratmeter, seier Tom-Christer Nilsen i Bergen næringsråd.

Han viser til at plassering, pris og praktiske og konkurransemessige forhold gjer at ikkje alle areal passar til alle verksemder.

Sjå fleire reaksjonar på rapporten under.

Om rapporten

På oppdrag frå Miljødirektoratet har Norkart analysert alle næringsareala i landet som er avsett til utbygging.

Det er sett av 356 kvadratkilometer næringsareal i kommunale planar. Rundt halvparten av områda er ferdig regulert.

Mesteparten av områda som er avsette til næring ligg i område som i dag er naturareal. Nesten halvparten av det avsette næringsarealet ligg i skog.

Berre 41 kvadratkilometer (12 %) av næringsareala ligg i grå areal, som allereie er bygd ut. Dette viser likevel at det er stort fortettingspotensial innanfor eksisterande og opparbeidde næringsareal.

31 kvadratkilometer er myrareal. Dette er område som ikkje bør byggast ut sjølv om dei tidlegare har blitt avsette til utbyggingsformål i kommunale planar.

– På tide å gi kommunane meir hjelp

– Dette viser enda ein gong at det er planlagt bit-for-bit nedbygging av store naturområde i Noreg. Eg oppfordrar kommunane til å vaske planane, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I fjor søkte 83 kommunar om tilskot frå staten til å «vaske» gamle planar og konsentrere utbygginga til område som allereie er «grå».

– Eg trur det er på tide å gi kommunane meir hjelp, seier forbundsleiar i Naturviterne, Morten Wedege.

Han seier at oppfordringa til planvask og meir regional planlegging er vel og bra, men at «kommunane treng folk, ressursar og fagmiljø med kapasitet til å gjere jobben»:

– Det er vanskeleg å sjå for seg at arealforbruket vil gå ned så lenge vi fortset å dytte så mykje av ansvaret ned på kommunepolitikarane.

Nøkkeloverrekelse til ny klima og miljøminister.

– Dette viser enda ein gong at det er planlagt bit-for-bit nedbygging av store naturområde i Noreg, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Foto: Siri Vålberg Saugstad

– Vi treng areal til grøn industri

Presset mot kommunane auka då Naturrisikoutvalget (sjå under) bad regjeringa om å vere tøffare i klypa med det som er karakterisert som «ein heilag ku» i norsk forvaltning – det lokalet sjølvstyret.

Direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas, oppfordrar kommunane til å sjå på tvers av kommunegrenser og til å «velje areal som gir minst mogleg konflikt med klima- og naturomsyn».

– Vi treng areal når Noreg skal omstille seg til ein grønare industri, særleg gjeld dette fornybar energi.

– Men om alle kommunar bygger ut eigne store næringsareal, vil vi miste mykje viktig natur.

– Målet om økonomisk vekst vil leie til meir nedbygging

I 2024 presenterte Miljødirektoratet ei oversikt som viste at summen av alle utbyggingsplanar talde 4000 kvadratkilometer, og at hytter stod for éin firedel av dette.

Regjeringa svarte med å stramme inn fleire punkt i retningslinjene for hytteutbygging.

Carlo Aall er leiar av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing ved Vestlandsforsking.

Han seier til NRK at «fromme statlege ønsker om kommunal planvask» ikkje er tilstrekkeleg, og at løysinga på «naturkrisa» bryt på djupare vatn:

– Så lengje det er eit underliggande mål om framleis økonomisk vekst, vil desse prosessane i praksis leie til nedbygging av meir urørt natur.

  • Jan Erling KlausenJan Erling Klausen, professor ved Institutt for Statsvitenskap

    Kvar vesle kommune vil ønske å ha næringsareal tilgjengeleg innanfor sine eigne grenser, og når kampen om arbeidsplassar og investeringar tettar seg til, har kommunane få insentiv til å «sjå på tvers av kommunegrensene». Med færre og større kommunar kunne ein kanskje unngått at nye næringsområde leggast til skog eller sårbare naturområde.

  • Generalsekretær i WWF Verdens naturfond Karoline Andaur.

    Haakon Nordvik

    Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdsnaturfondet

    Det må leggast til rette for at grå areal alltid blir først vurderte ved planlegging av ny industri. I tillegg må det komme på plass ei nasjonal kartlegging der dei grå areala er, og det må gjerast enklare og meir lønnsamt å bygge på desse områda. Når dette kjem på plass, vil det bli enklare å planlegge utbygging på ein måte som i langt større grad enn i dag unngår å øydelegge verdifull natur.

  • Truls Gulowsen iført plagg

    Fartein Rudjord

    Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet

    Dette bekreftar dessverre at kommunal arealplanlegging er ute av kontroll, og at det er sterkt behov for meir regional samordning av næringsareal, sterkare insentiv for gjenbruk av grå areal, og at arealnøytralitet som prinsipp må innførast over heile landet.

  • en kvinne som står foran en bygning

    Eirik Pessl-Kleiven / NRK

    Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom

    Dette burde ikkje skje etter vi har forplikta oss til naturavtalen, der vi skal verne 30% av naturen vår. Regjeringa må kome på banen og ta i bruk sterkare verktøy for å sørgje for at nye næringsareal blir bygd på grå arealar. Vi kan ikkje tillate i 2025 at myrområder og store områder av skog blir ofra til fordel for næringsparkar.

  • en mann i dress

    Nadir Alam / NRK

    Einar Wilhelmsen, Generalsekretær i Sabima

    Skal vi stanse tapet av naturmangfald, trengst meir enn oppfordringar. Det må bli enklare og billigare å bygge på nedbygde område og grå areal, og vanskelegare og dyrare å bygge i naturen. Da treng vi styring og tydelegare nasjonale rammer. Regjeringa bør snarast innføre arealnøytralitet som eit nasjonalt styringsmål og sørge for å stanse nedbygginga i den mest verdifulle naturen.

  • Nikolai K Winge

    Gisle Bjørneby / NMBU

    Nikolai K. Winge, ekspert på miljørett, plan- og bygningsrett og forvaltningsrett

    Poenget er at det er økonomi som er avgjerande for utbyggars val av område. Utbyggarar vi snakkar med fortel at det ofte er billigare å bygge i urørt natur framfor på grå areal. Det må derfor komme økonomiske incentiv for gjenbruk av grå areal.

  • Helge Eide

    Benyamin Farnam / NRK

    Helge Eide, KS-direktør

    Vi vil svært gjerne fortsette og forsterke det vi opplever som ein god dialog med nasjonale myndigheiter om korleis oppdatert kunnskapgrunnlag om natur og miljøeffektar av planlagd utbygging kan gjerast lettes mogleg tilgjengeleg i den praktiske kvardagen både for tilsette og folkevalde i kommunane.

  • Tom-Christer Nilsen smilande i dress

    Simen Sundfjord Otterlei / NRK

    Tom-Christer Nilsen, Bergen næringsråd

    Det ligg grundige vurderingar og prosessar bak kommuneplanar og reguleringsplanar. Dette kan ikkje brukast som eit argument for å stramme inn på arealdisponeringa i kommunane. Som ein peikar på i rapporten – bildet i rapporten må justerast med lokalkunnskap.

  • Wedege

    Naturviterne

    Morten Wedege, forbundsleiar i Naturviterne

    Rapporten viser faren for at naturverdiar og viktige produksjonsareal for skog- og treindustri kan forsvinne.

  • Carlo Aall

    Sondre Dalaker

    Carlo Aall, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing ved Vestlandsforsking

    Det er positivt at såpass mange kommunar viser interesse for å gjennomføre såkalla «planvask» og at staten støttar opp om dette arbeidet.

  • ein kvinne med langt hår

    Terje Pedersen / NTB

    Hilde Singsaas, Direktør for Miljødirektoratet

    Ein vesentleg del av næringsareala som er sette av råkar viktige naturareal, dette kan endrast i ein planvask.

Tapt natur mens du har lest denne saken:

Publisert

22.09.2025, kl. 05.15