Brannvesenet fekk måndag melding om brann i ein varebil på riksveg 5 mellom Frudalstunnelen og Bergstunnelen i Sogndal. Bilbrannen vart meldt av 110 Vest klokka 11.39 måndag.
Brannen var slått ned med fleire pulverapparat, men det såg då ut til at brannen tok seg opp att.
– Meldaren har tømt fire brannsløkkingsapparat på brannen, men fryktar at det blussar opp att, sa vaktkommandør ved 110 Vest, Jostein Steinsland-Hauge.
Alle i bilen hadde kome seg ut, og det var ikkje meldt om personskade.
Brannvesen rykte ut frå Skei og Sogndal. Klokka 12.00 var dei framme. Vaktkommandør Hauge fortalde då at det er lenger brann, men at det framleis var god varme i motorrommet.
Frudals- og Bergstunnelen vart også stengd, men etter at bilen vart fjerna til ein nærliggande parkeringsplasss, kunne ein opne att for trafikk på staden. I tillegg vara bilbergar revirert, og på veg.
Alle naudetatane var på staden klokka 12.05. Politiet har vidare teke avhøyr av dei involverte, og det vil bli oppretta sak.